Avinor er ivrige og har no bestilt eit elektrisk fly som skal testast ut. NITO Sogn og Fjordane ser at både Norge og fylket vårt er svært godt egna til elektrisk luftfart, totalt har vi 44 småflyplassar i landet, fire av desse i vårt område. Avinor seier at før ein klarar å utvikle større batteri vil det vera kortbanenettet som i første omgang kan ta i bruk elektriske fly med ei rekkevidde på rundt 300 kilometer. Da er vi heldige som ikkje har lagt ned nokon av våre flyplassar i fylket, dei må også bestå framover.

NITO Sogn og Fjordane trur at kortbanenettet vil få både fleire avgangar og i større grad bli eit midtpunkt i framtida, Ikkje minst vil dei bli lønsame fordi fleire vil velge utslippsfri lufttransport.

Driftskostnadene til elektriske fly kjem til å bli lågare enn dagens fly med fossile motorar, både fordi straum er billegare enn drivstoff og fordi elektriske motorar er billegara å bygge og vedlikehalde.

Dette er eit døme på at framtidas transport- og miljø utfordringar berre kan løysast ved utvikling av ny teknologi. Denne utviklinga er det i stor grad ingeniørane som står for. Vi ser fram til at det i 2030 berre er elektriske fly som går frå våre fire flyplassar, med mange avgangar både internt i fylket og til Bergen, Oslo og Trondheim. Sogn og Fjordane blir da eit midtpunkt.