Fyrst av alt vil eg seie meg lei for at Inge Per Smørdal har lide identitetstap. Få offentlege saker evnar å vekke like sterke kjensler som namnesaker. Dei kjenslene har eg stor respekt for. Som medlem i namnenemnda (for Hjelle krins) og del av kommunestyrefleirtalet i saka om «Tippaåsen», kjenner eg meg kalla til å svare.

Offentlege vegnamn handlar om meir enn reint trivielle omstende. Når sekund tel, liv står på spel og hus brenn ned, vert vi ekspederte frå sentralar i Florø, Førde og Bergen – av personell utan lokalkunnskap. Avstandsprinsipp i nummereringa og mest mogleg unike stadnamn, er verkty som skal hjelpe ulike etatar til å gje oss effektiv hjelp når vi treng det. Namnenemnda vart sterkt oppmoda om å unngå vegnamn som er nytta i tilstøytande kommunar, og aller mest namn som eksisterer internt i kommunen. Difor vart «Åsen» problematisert.

Eg kjenner mange eidarar som lett hadde omtala Myklebuståsen som «Åsen» i ein pressa og stressa alarmsituasjon. Sidan sentralane dekkjer større område, tel det òg at «Åsen» er nytta om bustadområde i nabokommunar. Det ville vere trist om avgjerande minutt rann bort i eit bustadfelt på Sandane. Hevar vi blikket og tenkjer generelt, har både brannbilar og ambulansar mange gonger køyrt feil – med skjebnesvangre resultat. At Smørdal vel å harselere med at offentlege vegnamn lett kan forvekslast dersom dei er identiske i daglegtale, får stå for hans rekning. Utan å krisemaksimere, meiner eg at dette handlar om større saker enn postkasselappar og pizzaleveransar.

Smørdal omtaler seg som «velsett embetsmann med nødvendig lokalkunnskap over mange år.» Denne karakteristikken er heilt sikkert korrekt, og han veit garantert meir om bygda si enn eg. Deler av argumentasjonen hans bør like fullt kommenterast, sjølv om lokalkunnskapen min er avgrensa. Gardsnamnet Tippen/Tippa (som tyder «tuete grasmark», av gno. *Typpvin) er eitt av dei aller eldste gardsnamna i Eid, nemnt i fleire kjelder frå mellomalderen. Tippen og Løken var hovudgardar i krinsen som i dag heiter Haugen, og Aaland/Os skriv at både Lidene, Haugen og Åsen høgst truleg vart utskilde frå nettopp Tippen. Alle Haugland-bruka heitte Tippen fram til kring 1900, då brukarane søkte om å skifte til Haugland. Stadnamnet Haugland eksisterte altså ikkje i Eid før i siste del av 1800-talet. Aaland/Os kommenterer bytet slik: «Det har vore kritisert at brukarane vraka det gamle namnet. Ingen annan gard i heile landet heiter Tippen, men Haugland er eit namn som finst mange stader, og her høver det lite til landskapet.» Oppsitjarar på Haugland har no ytra ønskje om å nytte det gamle gardsnamnet om vegen gjennom Tippatunet. Å redusere gardsnamnet Tippen til eit sjeldsynt «tilleggsnamn» eller slektsnamn frå 1857, slik Smørdal gjer, har meir med Tipping enn med lokalkunnskap å gjere. Tippen var både gards- og slektsnamn i 1000 år, og storgarden Tippen åtte grunn der det omtala bustadfeltet ligg i dag. Namnet Tippaåsen er såleis sterkt historisk forankra.

Eg ønskjer både Inge Per Smørdal og sambygdingane hans alt godt. Eg kosar meg slett ikkje fordi eg har sete i ei nemnd som har røva identitet og laga uhygge i Åsen. Tvert i mot. Men eg er oppteken av at offentlege namn bør kommunisere effektivt. Åsar har vi mange av i Noreg. Dette var òg hovudårsak til at ei samrøystes namnenemnd landa på namnet Tippaåsen. Vi la elles til grunn at store deler av byggjefeltet på staden (tomter med gardsnummer 38) er utskilt frå nettopp garden Haugland (Tippen). Interesserte som klikkar seg inn på www.seeiendom.no, vil sjå at dette dreier seg om eit betydeleg tomtetal. Resultatet av nemnda sitt arbeid, etter ein open prosess med høyringsrundar og vedtak i kommunestyret, kan ein fritt like eller mislike. Det vart eit unikt vegnamn avleidd av eit unikt, gamalt gardsnamn. Nettopp det unike har òg med identitet å gjere.