Trass fleire konstruktive tilbakemeldingar til namnenemnda og til Eid Kommunestyre, valde kommunestyre med få stemmers overvekt og endre Åsen til Tippaåsen. Mulige tiltak mot Eid Kommune med tanke på anke har dessverre ikkje ført fram. Men, store slag vert ikkje avslutta utan eit ordentleg «sjøslag», og her kjem mitt.

Åsen Byggefelt vart ferdig planlagt omkring 1970 etter at eigaren av garden Åsen vest for Haugland, på den austlegaste delen av Løkjaåsen, var villig til avståing av grunn til etablering av kommunalt byggefelt i Haugen Krins. Feltet vart det andre i rekka av kommunale byggefelt etter Prestemarka. Sommaren 1973 var tilkomsten til dei fleste tomtane klare, og bygging kunne starte.

Garden Åsen er ein del av åsryggen frå Haugland til Løkja og har ikkje noko namnetilknytting til Tippa. Åsen har i alle samanhengar vore vår adresse utan at misstydingar har oppstått. Eg finn det difor underleg at representanten for venstre ikkje har andre argument for namneendringa en at namnet på Myklebuståsen på folkemunnen vert nytta «opp i Åsen», eller at det i andre kommunar har namn på byggefelt med Åsen i seg. Slike argument skal altså vere avgjerande for frårøving av namnet på byggefeltet vårt som har vore vår adresse i innpå 50 år med dei rettigheter det medfører. Som velsett embetsmann med nødvendig lokalkunnskap over mange år ser eg utalen om forveksling av Åsen og Myklebuståsen som eit reint arbeidsuhell.

Eid kommune har hatt og har berre eit byggefelt med namnet Åsen. Etter snart 50 år med postadresse Åsen, 6770 Nordfjordeid, vil eg hevde vår rett til eigarskap og framleis kunne nytte Åsen som adresse. Eg og dei fleste i Åsen kan ikkje godta at Eid Kommune med eit pennestrøk skal utradere namnet på byggefeltet vårt. At Eid Kommune kan fastsette namn på nye områder utan rett til klage kan eg godta, men at kommunen kan frårøve eit byggefelt si postadresse etter innpå 50 år utan at vi skal kunne klage på vedtaket, det vil eg ikkje umiddelbbart godta.

Namnet Tippa kan etter det eg veit tilbakeførast til 1857 då Ola Rasmusson Tippen flytta frå garden til noverande drivar Ole Jørgen Haugland opp til Smørdalen. Tippen har såleis frå starten vore eit etternamn, og har nok over tid blitt brukt som tilleggsnamn på nokre av gardane innafor. Utmarka mot garden Åsen har ikkje i nokon samanheng vore omtala som Tippaåsen. Ingen av grunneigarane eg har kontakta kjenner til bruken av tippa på dette området. Mitt spørsmål er også om kartet som er vedlagt sakspapira er eit kart eller ei skisse.

I alle samanhengar i mange media fronta ordførar Alfred Bjørlo Eid Kommune sitt arbeid med openheit, tilgjengelegheit og at alle innbyggarar i kommunen skal vere i fokus. I det daglege er nok det også tilfelle. Men det finns også unntak. Informasjonen ut til det offentlege i denne saka opplever eg som mangelfull slik også fleire andre opplever. Personleg var eg ikkje førebudd på at eit etablert bustadfelt som vårt skulle diskvalifiserast i forhold til for eksempel nyare felt som Myklebuståsen og Hågaåsen.

Mi oppmoding går difor til ordførar, formannskap og kommunestyrerepresentantar i Eid Kommune om og ta denne namnesaka om Åsen Byggefelt tilbake til kommunestyret med det som resultat og tilbakeføre vårt rettmessige namn Åsen på byggefeltet vårt.