Skriftleg uttale frå Eid Venstre til Kommunedelplan for helse- og omsorgstenestene 2018-2030.

Framlegget til kommunedelplan er naturleg nok eit omfattande dokument, men samstundes informativ og oversiktleg, og med eit klårt språk. Det er likevel ikkje til å kome i frå at ein plan som samla tel 70 sider truleg vert for lang og uoverkomeleg for mange. Er det aktuelt å lage ein kortversjon i tillegg,  som eksempelvis har fokus på mål og tiltak ?

Det er svært positivt at ein klar raud tråd i planen er å setje folk og brukarar av tenester i sentrum, senke tersklar for hjelp og bistand, samarbeid på tvers av sektorar, samt eit tydeleg fokus på førebygging og tidleg innsats.

Det ville vore ein klar fordel om planen, med det ein veit i dag, hadde med ei omtale av samanslåing av helse – og omsorgstenestene i Selje og Eid. I eit kommunedelplanplanperspektiv står det att ein relativt kort tidsperiode før kommunesamanslåing i 2020.

I planen vert det lagt vekt på å informere om tenestene, til dømes s. 33: «Eid kommune vil at innbyggarane på ein enkel måte sjølv kan innhente informasjon om det kommunale tenestetilbodet», med tiltak: «tilgjengelege heimesider med tilpassa informasjon om alle tenesteområde». Dette er svært viktige mål og tiltak  med uforløyst potensiale og kunne vore drøfta meir inngåande i planen. Rett utforma og tilgjengeleggjort informasjon bidreg til systemforståing og er dermed eit viktig grunnlag for å flytte makt frå tenesteytar til tenestemottakar. Eid kommune bør målbevisst satse på ein informasjonsstrategi som understøttar ei betre forståing av tenestene, gjerne med skjematiske skildringar av behandlingsforløp. Her bør det synleggjerast kven som er ansvarlege kontaktpersonar og korleis- og kor raskt ein kan vente å få hjelp. Dette er heilt avgjerande tiltak når det kjem til å styrke brukarane sin posisjon og makt til å ta ansvar sjølve. Eksempelvis pågår det no mange fagdiskusjonar rundt om i Noreg i dag som omhandlar kommunane sitt akuttansvar for rus og psykisk helse. Konkret handlar desse diskusjonane om kva problemstillingar som kan og skal løysast ved dei kommunale KAD/ØHD – plassane sett i høve til kva som skal og må løysast av spesialisthelsetenesta. Dersom dette synast uklårt for fagfolk, vil det sjølvsagt vere meir enn uklårt for brukarane kvar dei kan vende seg for å få hjelp.

På s. 12 går det fram at: «Psykisk helseteam tilbyr individuell poliklinisk oppfølging av pasientar med psykiske helseproblem. Ruskoordinator er tilsett i 100% stilling. Stillinga er finansiert av prosjektmidlar.»   Dersom kommunen skal basere seg på prosjektmidlar åleine, når det gjeld deler av tenestetilbodet til rusavhengige, er dette både sårbart og lite framtidsretta. Psykisk helseteam og ruskoordinatorar jobbar dagtid i vekene;  det går ikkje klart fram i planen kven som har ansvar for tenesteyting til dei som har behov for dette på kveld/natt/helg.

Det er vanskeleg å sjå inn i framtida når det gjeld å planlegge ei optimal dekkingsgrad for «heildøgns omsorgsplassar» (80+). Samanlikna med førre kommunedelplan er behovet no redusert frå 30% til ein stad mellom 17-25%, utan nokon klår konklusjon. Ein må tvillaust investere i fleire slike plassar i åra framover, men balansen mellom utbygging av sjukeheimsplassar, korttidsplassar (rehabilitering) og dimensjonering av heimetenestene må heilt klart opp til politisk diskusjon i åra som kjem. Dei fleste ynskjer å bu heime så lenge som råd. Utviklinga innafor velferdsteknologi og det at fleire eldre i større grad ser ut til å skaffe seg meir tilpassa og lettstelte bustader vil begge gjere til at folk både kan få meir omfattande hjelp og bu lenger heime. Økonomisk representerer «heildøgns omsorgsplassar» det mest kostnadskrevjande omsorgsnivået i det kommunale tenestetilbodet og står samstundes mest i kontrast til det dei fleste ynskjer seg – å få hjelpa der dei er, i heimen.