Noreg har vi har bygd opp eit velfungerande demokrati, og det er  tillit mellom folket og dei som styrer. I min politiske kvardag har eg stort sett opplevd at vi har respekt for kvarandre trass ulik politisk ståstad. Vi lyttar til andre sine argument og lagar kompromiss der det handlar om å gje og ta. Sjølv om ein ikkje alltid er einige om målet, så har ein respekt for det fleirtalet bestemmer.

I påskeveka deltok eg i Europarådets kommunalkongress. Det er sterkt å høyre om dei politiske alternativa til demokrati, som er prega av sensur, tortur, korrupsjon, brutal undertrykking og arrestasjon av folkevalde ordførarar. Der vert Noreg sett på som forbilde med demokrati, blandingsøkonomi og ein stor oljeformue som sikrar alle eit velferdstilbod.

For det meste har vi  vore skåna for den type polarisering og ekstremistiske straumar i samfunnet som vi har sett i fleire andre vestlege land. Men dei siste vekene har vi sett at debatten har vorte hardare og meir personleg. Grensene for kva som er akseptert har vorte tøygde. Og når ekstrem retorikk og rasistiske haldningar blir gjort alminnelege, får det auka legitimitet. Ingen er tente med at norsk politikk går i ei slik retning.

Ordbruken er eit symptom på tidsånda. Ein meir intolerant språkbruk er kjenneteiknet på eit samfunn der fellesskapsfølelsen forvitrar. Når sjølvaste justisminiseren spreiar ein bodskap som nører opp under framandfrykt og radikalisering, så måtte det takast eit oppgjer.

Snart er det fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane. Eg er så heldig at eg skal møte desse flotte ungdommane. Fylkesting for ungdom er dei unge sitt øvste talerøyr, og dei skal fronte dei unge sine interesser og saker i fylket. Det er mange krevjande politiske saker i tida som kjem. Regionreforma nok er den største, men eg er også opptatt av å snakke med ungdommane om kjerneverdiane i samfunnet vårt. Vi må ta vare på  det flotte, sterke, norske demokratiet.

Ved å legge til rette for ein arena som fylkesting for ungdom, ynskjer vi å auke samfunnsengasjementet hos ungdommane, og ikkje minst fremje ungdom sin medverknad. Delegatane kjem frå ungdomsråda i kommunane, politiske parti og fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonar.

Målet er at Noreg skal fortsette å vere eit av verdas beste land å bu i for dei kommande generasjonane, og då må vi ta vare på det som er bygd opp. Alle politikarar må ta ansvar for korleis debattklimaet skal vere. Vi treng ikkje å trakke over grensene fordi andre gjer det. Vi som vaksne politikarar er førebilete for dei unge som kjem etter oss. Det er ungdommane som skal ta over roret inn i ei framtid som er meir kompleks og endringane skjer i raskare tempo enn det min generasjon har opplevd. Større politisk polarisering og splid vil vere svært øydeleggande.

Ketil Raknes seier det så treffende i sin kronikk i Dagbladet 21. mars: «Demokrati er ikke et brettspill der det handler om å bekjempe sine motstandere og rydde dem av brettet en gang for alle. Demokrati er et spill man ønsker å spille i det uendelige. Derfor er det alvorlig når noen tukler med selve spillereglene.»

Menneskerettane og toleransen når det gjeld mangfald, hudfarge, religiøs og politisk ståstad er verdiar som er blitt viktigare enn nokosinne. Det kan kanskje vere greitt med ei lita påminning til oss alle: provokasjonar og harde ord gjer at ein fort mistar gangsynet og svarar med same mynt.

La oss ikkje skremme ungdommane frå å engasjere seg i politikken. La oss oppmode dei om å delta i det politiske ordskiftet. Det er dei som skal styre landet i  framtida.

For ord betyr noko, ord er makt, ord kan glede, ord kan såre, ord kan vere drepande og lokke fram det verste i folk. Vi treng ein anstendig offentleg debatt som ikkje lokkar fram framandfrykt og ekstreme haldningar. Vi treng å bygge eit solidarisk og inkluderande samfunn der det er rom for alle. Der må vi vere tydelege og kalle ein spade for ein spade.