Eg kan forsikre om at fylkeskommunen arbeider for å sikre arbeidsplassane i SFE, og arbeider for å finne ei god løysing for eigarskapen i SFE. Fylkestinget har gitt fylkesrådmannen i oppdrag å arbeide med å sikre at dei verdiar som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet kan bli verande i Sogn og Fjordane og at han i dette arbeidet skal jobbe tett saman med fylkesutvalet. Og dette vert no følgd opp.  Det er eit samrøystes fylkesting som står bak denne bestillinga, og ikkje minst dei formuleringar som ligg i intensjonsplanen.

Det står i intensjonsplanen som er forhandla fram at sidan Sogn og Fjordane har relativt høge netto formuesverdiar og høge lokale inntekter så skal ein kunne halde desse verdiane utanfor regionetableringa i 2020.

Fylkeskommunen vil kunne leggje det ein eventuelt måtte ha av bokførte aksjeverdiar i SFE AS/SF Holding AS ved regionetableringa i 2020, inn i eigne fonds som skal kunne nyttast til særskilde prosjekt i Sogn og Fjordane. Forvaltninga av fondet vil bli lagt til eit fondsstyre, valt av og blant regiontingets medlemer, og representantar frå Sogn og Fjordane ha fleirtal.

Det vert jobba med fleire modellar for å finne ei god og framtidsretta løysing som sikrar at kraftverdiane vert verande i fylket. Men det kan ta noko tid, ikkje minst fordi vi treng ei forhandsavklaring på BKK sin eventuelle forkjøpsrett til aksjane våre. Det vert utgreidd fleire alternative løysingar, og det vil bli tatt ei avgjerd i fylkestinget når vi har eit godt nok avgjerdsgrunnlag som sikrar eigarskap og arbeidsplassar.

Det er elles rett – som Svein Ottar Sandal skriv – at det for tida er noko ulike oppfatningar i Fellesnemnda om korleis Intensjonsplanen er å forstå. Dette arbeider vi no med. Eg vil sterkt oppmode Svein Ottar Sandal å ta seg ein prat med sin partikollega i Hordaland Krf - fylkesvaraordførar Pål Kårbø - som har reist spørsmål ved økonomipunktet i intensjonsplanen. Der har Krf ein jobb å gjere!

Eg er samd med Svein Ottar Sandal at arbeidsplassane i SFE tilfører fylket høg kompetanse og dannar grunnlag for menneske med god utdanning til å busetje seg i fylket. I Gloppen er dette ei av dei største og viktigaste bedriftene i kommunen med stort utviklingspotensiale i SFE som arbeidsplass. Sandal er uroa over at manglande avklaringar skaper uro og usikkerheit. Det som i alle høve er ein fordel, er at vi gjennom intensjonsplanen, har fleire mogelege handlingsalternativ.

Det pågår fleire prosessar samtidig i energibransjen for tida, men eg vil understreke at fylkeskommunen åleine har ikkje innverknad på alle desse prosessane. Det som i alle høve er viktig for oss er at aksjane i SFE skal sikrast i offentleg eige, og med ei styring som utviklar arbeidsplassar og skapar verdiar på rein og fornybar vasskraft i dette fylket der verdiane vert skapte.