Mitt navn er Trond Kjetil Rendal. Eg brukar vegane både i jobb og fritid. Eg meiner at vegsalting til tider er trafikkfarleg. Kan gje fleire eksempel på dette. Dei saltar på fast snødekte veg. Dette gjer at snøen endrar egenskap, og går frå fast underlag, til ei sleip blanding av salt og snø, nesten som sukker. Denne blandinga har nesten ingen friksjon, og er derfor livsfarlig å køyre på.

Når dei saltar vegane blir dekka fulle av salt, og dette øydelegg dei egenskapene dekket har. Så når du svingar av vegen har du glatte dekk. Og der du svingar av vil det bli veldig glatt, då saltet blir overført frå dekka til snøen på staden.

Så er de det med falsk trygghet! Når vegen er salta går farten mest sannsynlig opp, då dei som kjøyre der antar at det er bart føre. Utfallet blir sannsynleg styggare ulukker når ein eventuelt treffe ein plass som er glatt.

Det var litt om det som gjelder trygghet.

PS det å ha ein bil som er trafikksikker, og ikkje rusta sund har vel kanskje litt med trafikksikkerhet å gjere og.

Så har vi det med vedlikehold av veinettet.

I denne artikkelen frå forskning.no https://forskning.no/bil-og-trafikk-samferdsel/2011/04/salt-kan-bidra-til-sprekker-i-vegen

Her viser dei til at saltet er med på å ødelegge vegane. Dette fordi når dei saltar vegane, så vil først saltet smelte eventuell is og snø. Men så kommer problema etter tur. 1. Først vil saltet virke inn på bindestoffene i asfalten, slik at slitasjen på asfalten aukar saman med vegstøvet. 2. Og når saltlaken siver gjennom asfalten og ned i grunnen, vil saltet bli filtrert vekk frå vatnet som et filter. Og når det er filtrert bort, og grunnen er frosen, så vil vatnet fryse. Dette vil då utvide seg og presse opp asfalten og skape telehiv, og skader på vegen.

Og dei fleste veit kva saltet gjere med betongen, og armeringsjern som er i betongen. Korleis står det egentlig til med bruene våre.

Så er det miljøet. Ein brukar gjerne salt for å ta livet av ugras. Kva gjer då alt det saltet som blir ausa ut på vegane, med vegane og grunnvannet vårt i løpet av ett år, to år, eller 10-30 år. Eg blir nesten dårleg når eg tenkjer på det.

Noen steder har det rukket å bli riktig ille. I en rapport referert i tidsskriftet Science beskriver et tverrfaglig forskerteam i USA utviklingen i vassdrag i de amerikanske delstatene Maryland, New York og New Hampshire gjennom tre tiår. Der har dei problem med salt i vatnet. Er det slik vi vil ha det?

Helsing frå ein bekymra

Trond Kjetil Rendal