«Det er Førde, Florø og Sogndal som er naturlege regionsenter som det er viktig å satse på i Sogn og Fjordane», sa Jorunn Eide Kirketeig, Ap-politikar i fylkestinget, i 2008. Uttalen fekk temperaturen til å gå i taket hjå partifelle og dåverande Eid-ordførar Sonja Edvardsen. «Veldig beklageleg å utelate Nordfjordeid på lista», sa Edvardsen.

Samarbeidet i Nordfjord er langt betre enn sitt rykte, sa Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad på eit møte i Nordfjordrådet for nokre veker sidan. Han har heilt sikkert rett, så lenge ein samarbeider om det «ufarlege». Sjølv om det er leit, så må vi kanskje ta til vitande at ikkje ein einaste sentral politikar i regionen vil ta belastinga med å slåst for at Nordfjord treng eit regionsenter.

I ein rapport som Møreforsking laga på oppdrag for Nordfjordrådet i 2013 blir det peikt på at med eit definert sentrum kan det vere lettare å einast om lokalisering av funksjonar som alle har behov for. Det er berre fantasien som set avgrensingar for «funksjonar som alle har behov for». Vidare blir det konkludert med at den lokale marknaden blir større om mange funksjonar og menneske er samla på ein stad, i staden for å vere spreidd til ulike delar av regionen. Sjå til Indre Sunnfjord. Om ein har regionavis, i staden for fleire lokalaviser, er det større sjanse for at den redaksjonelle innretninga også har meir fokus på regionale spørsmål. Sjølv om meldingane er klare, så blir konklusjonen; «Slik situasjonen er i Nordfjord, må ein uansett ta utgangspunkt i den strukturen som ligg der, men samtidig vere obs på kva som skal til for at denne strukturen ikkje forsterkar dei tendensane til fragmenterting som ligg i regionen.»

Nordfjord bør bli betre på å tenkje regionalt. Det må bli viktigare at ting skjer i regionen enn i den enkelte kommune. Hovudmålsetjinga bør ikkje vere at dei andre skal få mindre enn ein sjølv. Ein må bli meir rause på vegne av regionen, og heller dyrke suksesshistoriene gjennom å byggje eit positivt image som verkar tiltrekkande og ikkje avskrekkande for dei som vurderer å etablere seg her.