Kva er ei strand? Wikipedia har følgjande definisjon: «En strand er en stripe land som grenser til hav eller ferskvann». Sjølv om området er utbygd så er det likefult ei strand. Fleire har i Fjordabladet sitt «ordet fritt» og på facebook peika på at Nordfjordeid ikkje lenger bør kallast ein strandstad. Stranda er øydelagt vert det hevda. Det får no slik vere, men å vere nostalgisk å hevde at vi hadde ein gong ei vakker strand vil eg ikkje utan vidare gå med på. Ein må i tilfelle svært langt tilbake i tid. Far min har fortalt at eidarane brukte fjøra som søppelplass så lang tilbake som han kunne hugse. Det vil seie for omlag hundre år sidan. Sjølv hugsar eg i detalj korleis fjøra såg ut i åra etter 2. verdskrig. Fjøra var leikeplassen vår. Med unnatak av området vestanfor kyrkja var stranda alt anna enn vakker. Stranda var ein avfallsplass og vår helsefarlege leikeplass. To slakteri hadde avløpa sine langt inne på land i fjøra. Blod og vomfyll rann derifrå gjennom strandsona og ned i sjøen. Hushaldsavfall låg spreidd over alt. Måsar, kråker, rotter, mink og ramn var renovasjonsvesenet. Dei makta ikkje å reinske opp alt. Vomfyll, blod, beinrestar og mangt anna var liggande til det rotna bort og skapte dårleg lukt. Fiskarane tok med seg til land både steinbit og breiflabb. Dette, som i dag går som delikatesse, var ikkje folkemat då. Det vart kasta i strandsona. Det seige skinnet fekk ikkje måsen hol på og for stort til at rotter og mink kunne ta det med seg. Det vart liggande til det rotna. Eg hugsar godt det store beindeponiet nede på Osnesmuren. Hundar i nabolager forsynte seg og spreidde det utover. Dei drog det med seg opp i Gata. Med jamne mellomrom vart beinrestane frakta ut på djupt vatn. Det var slaktarane Kjempen og Steffen som stod for dette. I sjøen var det mykje av det vi kalla dassflyndre. Mor likte  dårleg at vi kom drassande heim med denne fisken som lukta kloakk.

Seinare vart det endå verre. Folk fekk installert vassklosett. Avløpet frå desse gjekk via ein septiktank, godkjend av helserådet, og munna ut langt inne på stranda. Legane kom med åtvaringar og vi fekk skjenn heime når vi hadde leika i fjøra. Spesielt farleg var sjukehuskloakken som rann ut på land på fjøre sjø. Kloakkutsleppa inne i fjøra held fram også etter at Sjøgata vart etablert. Det vart då på ein måte to strender. Stranda på innsida av Sjøgata vart som ei fyllplass. Eigentleg skulle berre inert avfall dumpast der, men eg hugsar at folk tømde «sølebyttene» sine  der sjølv om eidarane hadde fått ein egen avfallsplass i sjøen (Svåra). Området på vestsida av Sjøgata har heilt fram til nyleg fungert som eit våtmarksområde for sjøfugl. Kanskje det er dette som har gitt inspirasjon til å hevde at ein gong var Nordfjordeid ein strandstad. Om dette strandaområdet eller steinura var vakker kan vel diskuterast. Tilkomsten til fjøra var i alle høve vanskeleg.

Kva har vi no? Etter mitt syn eit triveleg område ved sjøen. Ei strand etter definisjonen og framfor alt tilrettelagt og gjort tilgjengeleg for ålmenta. Vi har eit urøyvd våtmarksområde vest for moloen. Vi har eit parkområde med badestrand i sentrum. Vi har fått avvikla den skjemmande bosplassen i  Svåra og sannert kloakkutsleppa ved å føre kloakken til eit reinseanlegg med utslepp i god avstand frå land. Eitt oppdrag frå Eid kommune, gjennomført av NIVA, konstaterer at sjøen er rein. Vi har fått eit godt tenleg handelssenter med Biltema og alt det mest naudsynte samla i sentrum. Eg vil her gje honnør til Eid kommune for å få dette til.

Noko kritikk har det vore omkring det estetiske ved bygningane i området. Eg er meir oppteken av tryggleiken. Eit bustadkompleks er plassert på utfyllinga nokså nær marbakken. I grunnen er det mykje leire.  Det har vi som grov etter fjøremakk der for linefiske erfart. Det er heller ikkje utan grunn at området heiter Leirongane. Ettersom det ligg i eit sjøområde og dermed stabilisert av salt er det neppe kvikkleire, men likevel lett å erodere. Det er lagt til rette for oppankring av store turistskip i nærleiken på ein slik måte at dei svære baug- og sidepropellane/thrustarane lagar straumar på skrå inn mot marbakken. Er det vurdert i kva grad desse straumane vil føre til erosjon eller utgraving av marbakken og med tida føre til utrygge tilhøve for etableringar i strandsona, småbåthamna og moloen. Eg er her forundra over at etableringa vart godkjend på grunnlag av ein dispensajonssøknad. Ein godt grunngjeven klage på vedtaket av etableringa vart avvist på alle punkt av fylkesmannen. Ettersom klagen inneheldt moment som ureining og tryggleik er eg forundra over at fylkesmannen ikkje kravde ei konsekvensutgreiing. Dette også særleg på bakgrunn av at konsulentfirmaet Norconsult hadde rapportert om fare for utvasking av masse primært frå  baugpropellar og at det var behov for tilleggsutgreiingar. Alt hadde vore så mykje tryggare dersom tiltaket var etablert på grunnlag av  ei ekspertvurdering.