I stort sett alle samanhengar høyrer vi flotte ord om at barna skal settast i sentrum, og at fokuset skal vere på barns beste. Det spelet som vaksne godt utdanna menneske med mykje makt fører rundt Bryggja skule er ikkje barns beste som eit viktig fokus. Korkje fylkesmann, departement eller kommunar har pengar eller verktøy i si verktøykasse for å løyse dei store utfordringane 43 elevar ved Bryggja skule står framføre. Dette skjer altså i eit av verdas rikaste land, og «verdas beste land å bu i». Skulen på Bryggja vart etablert i ei tid då dette landet såg annleis ut. Vi hadde ikkje store oljeinntekter, eller nær 8000 milliardar kroner på «bok». Likevel hadde vi råd til å byggje barneskular der born budde.

Det er underleg at dei som styrer landet, og som har trykt kommunereforma ned over hovudet på innbyggarane, ikkje har sett føre seg saker som den skuleelvane på Bryggja opplever kunne dukke opp. Å påstå at ein ikkje har handlingsrom, eller pengar, for å lande ei sak som dette på ein forsvarleg måte i 2018, er ikkje til å tru. Både byråkratar og politikarar har i mange andre samanhengar vist seg svært så kreative når det gjeld å løyse saker som kan vere langt mindre utfordrande enn skulesaka på Bryggja.

I ein periode har vi blitt tuta øyra fulle av Stortinget sitt byggeprosjekt som, iallfall økonomisk, har gått heilt av hengslene. Prislappen etter er meir enn dobla, og er no på 2,3 milliardar kroner. Vi er ikkje det minste i tvil om at dei som styrer har både verktøy i verktøykassa, og ikkje minst pengar for å ro skandaleprosjektet i hamn. Sett i ein større samanheng får ikkje utfordringane bygda Bryggja og elevane på Bryggja skule står overfor, sentrale politikarar til å løfte eit augebryn. Kven skal så vise seg som handlingas menn og kvinner i denne saka. Når alle med makt og mynde seier nei, er ikkje vi i tvil om at dette må politikarane i Selje og Eid ta tak i slik at ein verkeleg tek omsyn til borna som i framtida skal vere ein viktig ressurs i ein samla Stad kommune. Vi er overtydde om den beste måten vi kan inspirere og motivere Bryggjaværingane på, er å strekke ut ei hjelpande hand no.