Ekspertutvalet har lagt fram ein ambisiøs rapport og foreslår å flytte omfattande oppgåver frå regional stat til dei nye fylkeskommunane. Overføring av 24 milliardar til det folkevalde nivået er revolusjonerande nytenking, og vil vere ei stor omlegging av korleis vi disponerer statlege midlar.

Oppgåvene utvidar og utfyller fagområde der fylkeskommunane alt i dag har eit ansvar. Fylkeskommunane kan få viktige oppgåver innan næringsutvikling, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsle, klima og miljø – om ekspertutvalet får det som det vil. Utvalet vil også styrke rolla fylkeskommunane har som samfunnsutviklar. Eg meiner det vil legge til rette for styrka samfunnsutvikling i heile landet.

Når Stortinget meiner det er behov for større og sterkare regionale folkevalde einingar og har vedteke å halvere talet på fylkeskommunar, så er det Stortinget sitt ansvar å følgje opp. Stortingspolitikarane må syte for at fylkeskommunane får større oppgåver og økonomiske musklar og makt til å fylle den nye rolla.

Oppgåva vår no er å arbeide for at forslaga til ekspertutvalet vert vedtekne i Stortinget. Eg både trur og håpar at vi med slike grep får ei sterkare regional utvikling, som vil skape arbeidsplassar, vekst og utvikling basert på dei regionale fortrinna våre.

Statsforvaltninga har hatt altfor sterk vekst. Vi har fått eit spesialisert byråkrati som er fragmentert, uoversiktleg og vanskeleg å påverke. Det statlege byråkratiet er den sektoren som har hatt sterkast vekst dei siste åra. Det held fram å vekse sjølv om inga regjering ynskjer det. Rapporten frå ekspertutvalet viser at tal tilsette i departement og direktorat auka med over 3000 frå 2009 til 2015. Og sjølv om vi korrigerer for omorganiseringar og fleire oppgåver, var auken på nesten 2000.

Ei så stor maktoverflytting som ekspertutvalet foreslår er krevjande, og endringane omfattar menneske vi må ta vare på og omsyn til. Men vi kan ikkje la vere å endre samfunnet fordi det er ubehageleg. Vi som folkevalde må tole å stå i denne utfordringa. Politisk skjønn og moglegheit til påverknad er berebjelken i demokratiet. Regionreforma kan med større oppgåver og meir økonomisk ansvar for viktige samfunnsområde bli ei demokratireform. Vi kan får ei meir heilskapleg forvaltning og mindre silotenking. Vi kan mobilisere ulike regionale aktørar og ressursar for å samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk.

Landsdelane våre har forskjellige utfordringar og krev ulike løysingar. På Vestlandet er geografien, infrastrukturen og næringsstrukturen annleis enn på det sentrale Austlandet, og i Nord-Noreg har dei andre utfordringar enn kring Oslofjorden. Vi får meir relevante debattar om vi flyttar ansvaret for viktige samfunnsområde og tilhøyrande verkemiddel til regionalt nivå. Eit godt døme kan vere ekspertutvalet sitt framlegg om å flytte om lag halvparten av midlane i tilskotsordninga «Arktis 2030» til fylkeskommunen i nord, dvs. 65 mill. kr årleg. Midlane vert i dag forvalta av Utanriksdepartementet og går korkje til forsvars- eller sikkerheitspolitikk.

Eit anna døme er å kople næringspolitikken tettare til forsking, kompetanse og innovasjon. Det kan skje ved at dei nye regionale forskingsfonda vil kunne påverke den regionale utviklinga mykje sterkare enn i dag.

Eit anna døme er kulturpolitikken, som i dag er prega av sterk sentral styring og regional skeivfordeling av ressursar. Det er lite rom for lokalt skjønn. All kultur skjer lokalt, og kultur blir viktig når vi skal bygge identitet i den nye regionen. Kvifor er det i dag ingen som stiller spørsmål ved korleis midlane frå Norsk Kulturfond vert fordelte mellom fylka? Er det rimeleg at fylke som Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark, Østfold og Aust-Agder får ned mot ¼ av landssnittet pr. innbyggjar?

Eg meiner fylkeskommunane må få ansvar for fleire tunge oppgåver innan kultur næringsutvikling, integrering og samferdsle. Då kan vi i større grad målrette verkemidla våre og ta omsyn til naturgjevne fortrinn. Det vil stimulere til auka vekst og fleire arbeidsplassar i distrikta. Det vil opne for meir realpolitikk, heve statusen og skjerpe det demokratiske nivået. Velferdstilbodet vårt og velstanden vår byggjer i stor grad på evna regionane har til å utvikle eigne fortrinn. Regional vekst er avgjerande for velstandsutviklinga nasjonalt.

Det er ein god start på demokratiseringa av dei nye fylka dersom dei blir styrka med oppgåvene ekspertutvalet foreslår. Ressursane i samfunnet blir betre utnytta, og vi vil i større grad sjå ting i samanheng. Det vil òg innebere meir forpliktande regional planlegging.

Eg håper regionreforma vil gje eit meir vitalt regionalt folkevalt nivå og auke det lokale sjølvstyret. Det vil sikre at forvaltningsoppgåver, tenesteutvikling og lokalsamfunnsutvikling i større grad byggjer på premissane til innbyggarane.

Vi går no inn i høyringsperioden. Det er vår oppgåve å arbeide for at Stortinget handsamar og vedtek forslaga til ekspertutvalet som ei heilskapleg melding, og ikkje stykkevis og delt.