Norske kinoar viser film til inntekt for Flyktningshjelpen og ukrainske krigsofre. Boksedokumentaren «Klitschko» om to ukrainske verdsmeistrar vert sett opp på kinoar rundt i heile landet tysdag 5. april om kvelden.

Alle billettinntektene går til humanitær hjelp i Ukraina, og alle ukrainarar som er i Norge får sjå filmen gratis – enten ein nettopp har kome til landet eller har vore her lenge.

– Så alle som kjøper billettar er med å hjelpe. I tillegg gir vi alle kioskinntektene til det gode formålet. Dette er sjølvsagt noko vi vil vere med på. Vi er ein del av kinodugnaden. Filmen som vert sett opp er ein god film om to brør som no er sentrale i den pågåande krigen i Ukraina, seier kinosjef Hjelle.