Keramikk og ull på Bjørkedalen

Keramikar ArveYndestad og tekstilhandverkar Margit Yndestad skal etablere seg med verkstad og utsal på Bjørkedalen. I den tidlegare garasjen/låven ved vegen.

UT I NATUREN: ut i naturen: Margit og Arve Yndestad gler seg til framtida i landlege omgjevnadar på Bjørkedalen. Der dei skal halde fram med handverket sitt, og bruke garasjen i bakgrunnen der det tidlegare har vore verkstad. 

Kultur

Kunstekteparet budde i Ålesund fram til desember 2020. Då flytta dei til Bjørkedalen, der dei vil satse på keramikk og ullprodukt/plantefarging i den tidlegare garasjen, som Anne Bjørkedal eig i dag. Arve Yndestad har drive som keramikar i Ålesund i 40 år, medan kona driv med spinning av ull og plantefarging av garn. No har dei begge blitt pensjonistar, men har ikkje tenkt å slutte med kunsthandverk av den grunn.