To sceneinnslag er vidare

Sjå video frå UKM

Samarbeidsinnslag med Eid Ungdomskor og kulturskulen i Stad er blant dei som er vidare til UKM Vestland. Det er også Kabiito Amundsen med sjølvlaga instrumental gitarlåt «Ongoing Adventure».
Kultur

Årets UKM i Stad har gått av stabelen digitalt i år på grunn av koronapandemien. Deltakarar har difor sendt inn sine bidrag via film eller bilde. 68 barn og ungdommar har meldt seg på, fordelt på 22 innslag.