Desse er vidare til UKM Vestland

Det er no bestemt kven som skal representere Stad kommune i UKM Vestland.

Det er klart kven som skal representere Stad i UKM Vestland. Dette er kunstverket Ice Cream Man av Amanda Nygard.   Foto: PRIVAT

Kultur

Årets UKM i Stad har gått av stabelen digitalt på grunn av koronapandemien og deltakarar har måtte sende inn sine bidrag via film eller bilde. 68 barn og ungdommar har meldt seg på, fordelt på 22 innslag. Det vert meldt om stor variasjon i innslaga, med påmelding innan media, dans, song, band, film, teikningar og måleri. UKM Stad film, der alle bidraga er med, vert publisert torsdag 13. mai.