Konsert til inntekt for TV-Aksjonen

I ”alle år” har Opera Nordfjord invitert til konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen. I år stiller solistar og musikarar frå operaen igjen opp gratis for å glede Nordfjord-publikumet torsdag 8. oktober.

Konsert: Det vert kyrkjekonsert til inntekt for TV-aksjonen torsdag. Fleire av musikarar frå Mannen frå La Mancha, mellom andre Trond Gudevold, Espen Langvik og Eivind Kandal, stiller.   Foto: presse

Kultur

Ifølgje ei pressemelding går Tv-aksjonen i år til WWF, Verdens naturfond, som er ein av verdas største miljøorganisasjonar og som arbeider for å stanse dagens naturøydeleggingar og skape ei framtid der menneske lever i harmoni med naturen. WWF er til stades i meir enn hundre land og samarbeider tett med lokalbefolkning og andre organisasjonar over heile verda. Målet med arbeidet er å beskytte naturen, stanse tapet av artar og kjempe mot forureining og forsøpling.

Hav, skog, ferskvann, mat og dyr er naturressursar verda er avhengig av. WWF arbeider for å bremse klimaendringane og sikre berekraftig bruk av fornybare ressursar. Organisasjonen ønskjer å sikre ei levande jord også for framtidige generasjonar.

Repertoaret på konserten vert svært variert og spenner frå songinnslag frå solistane til forskjellige kammerensemble. Espen Langvik, som spelarhovudrolla i Mannen frå La Mancha, stiller sjølvsagt, og vi kan allereie no garantere reprise på Den fåfengde draumen (The Impossible Dream). Fleire huskar sikkert Trond Gudevold sine flotte tolkingar av Ol’Man River på feire av desse konsertane tidlegare år; i år er han tilbake med ny tolking. Ingrid Horvei Lyslo og Benjamin Søreide er begge klassiske gitaristar og ein del av operaorkesteret i år – dei byr på fleire innslag med gitaren som soloinstrument og som akkompagnement.

Musikalen er utseld, men torsdag kveld vert det altså ny sjanse til å oppleve solistane og musikarane frå Mannen frå La Mancha. Kantor Ralph Cupper er på plass som akkompagnatør.

Det er fri entré, men det vert høve til å gi ei gåve ved utgangen. Alle aktørane stiller opp gratis, og det er fri husleige, så kvar krone som kjem inn går uavkorta til TV-Aksjonen og Verdens naturfond. Arrangøren lovar at Nordfjordsongen med Eivind Kandal står på repertoaret også i år.