Inviterer til operagalskap

Fredag 16. oktober blir det operagalskap i Operahuset Nordfjord, ei forrykande oppleving med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø.

OPERAGALSKAP: Fredag 16. oktober inviterer sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø til operagalskap.  Foto: presse

Kultur

Berre få dagar etter at Mannen frå La Mancha forlet operahuset, er det ifølgje ei pressemelding duka for meir operamoro på operascena.