Gler seg over at det vert produksjon:

– Har fylt rollene med nokre av dei beste i Norge

Regissør Aksel-Otto Bull, Arne Kambestad og Åse Hegrenes gler seg over at det vert premiere på Mannen frå La Mancha i Operahuset Nordfjord i september.

I GONG: Scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes (t.v.), regissør Aksel-Otto Bull og lysdesignar Arne Kambestad (t.h.) gler seg til premieren på Mannen frå La Mancha i Operahuset Nordfjord i september. Før den tid vert det fleire besøk til Nordfjordeid, og frå august vert det fire intensive veker med øving.   Foto: Olin Maria Yri

Kultur

I slutten av mai kom meldinga om at Opera Nordfjord har bestemt at det vert produksjon til hausten. Premieren på musikalen Mannen frå La Mancha i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid går difor som planlagt i september, sjølvsagt med litt færre publikummarar enn vanleg grunna restriksjonar og smittevern. Arbeidet med produksjonen er allereie i gong, og i starten av denne veka har regissør Aksel-Otto Bull, lysdesignar Arne Kambestad og scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes vore på Nordfjordeid for å gå gjennom modellen for kulissane.