Søkjer om tilskot til vernebygg for Holvikjekta

Nordfjord folkemuseum har søkt om tilskot til vernebygg for Holvikjekta.

NYTT BYGG: Teikning som viser planar for vernebygg for Holvikjekta på Sandane. 

Kultur

Søknaden går til staten si støtteordning for nasjonale kulturbygg. Tilskot blir gitt til bygg og lokale for institusjonar og tiltak som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon. Det er kriterium som eit vernebygg for Holvikejekta tilfredsstiller. Gloppen kommune har garantert for 10 millionar kroner, Nordfjord folkemuseum søkjer Vestland fylkeskommune om den siste tredjedelen. Jekta, bygd i 1881, er den einaste som er bevart i opphavleg stand i landet. Den klinkbygd, ein handverkstradisjon som går 3000 år tilbake i tid, og som det blir arbeidd for å få inn på UNESCO si verdsarvliste.