Korpsa i Stad kommune

Gler seg til vårkonserten

Søndag 8. mars arrangerer Kjølsdalen skulemusikk vårkonsert for korpsa i Stad kommune.

KONSERT: Komande søndag vert det vårkonsert i Operahuset Nordfjord, og korpsa i Stad kommune stiller. Eit av dei er Ungt korps, som tysdag kveld hadde generalprøve.   Foto: Olin Maria Yri

KJØLSDALEN: Kjølsdalen musikklag er blant korpsa som er med på vårkonserten.  Foto: Olin Maria Yri

REPERTOAR: Det vert eit stort repertoar og mykje speleglede under konserten. Ungt korps skal spele to låtar, og den siste er juniornivå, ifølgje dirigent Tryggve Dyrvik.  Foto: Olin Maria Yri

Kultur

Vårkonserten har vore arrangert i tidlegare Eid kommune i mange år, og no vert korpskonserten også vidareført i nye Stad kommune. I år er det Kjølsdalen skulemusikk som arrangerer konserten som går av stabelen 8. mars i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid.

Tysdag kveld var det generalprøve for fleire av korpsa i Operahuset, og Fjordabladet var til stades då Ungt korps hadde øving saman med Kjølsdalen skulemusikk og Stårheim skulekorps. I tillegg til desse korpsa, står også Hjelle skulemusikk, Eid musikklag, Nordfjordeid skulekorps, Haugen skulemusikk, Kjølsdalen musikklag, Ytre Nordfjord Brass og Bryggja skulekorps på scena under årets vårkonsert.

– Det vert ein spennande vårkonsert og vi har slått på stortromma og fått med korpsa i Stad kommune. Det er veldig kjekt. Det einaste som er at Selje og Stadlandet skulekorps har måtte melde forfall, seier Kristin Lefdal, leiar i Kjølsdalen skulemusikk.

Det vert med det eit stort spenn i erfaring og alder under konserten. For nokre av aspirantane vert vårkonserten første og andre gong dei står på ei scene.

– Vi er heldige som har flinke dirigentkrefter som gjer at musikantane vert trygge og flinke, seier Lefdal og poengterer at korps som fritidsaktivitet er viktig å ha i Stad kommune.

– Vi skal fortsette å vere ei korpskommune også framover, seier ho.

Juniornivå

Då Fjordabladet var på plass under øvinga tysdag, var det djup konsentrasjon og speleglede blant store og små. Frå Ungt korps var det mange som hadde brukt øvingstida godt.

– Den siste melodien Ungt korps er med på er juniornivå, og mange av aspirantane er med å spelar heile. Alle er med og spelar litt, seier dirigent Tryggve Dyrvik

Variasjon

Arvid Anthun, som er dirigent for Ungt korps saman med Dyrvik, er også godt fornøgd med øvinga. Han stiller i tillegg som dirigent for ganske nystarta Haugen skulemusikk og godt etablerte Kjølsdalen musikklag.

– For Ungt korps spesielt, er vårkonserten ein moglegheit til å spele saman med andre, kanskje bli meir motiverte og på den måten sikre at dei har noko å jobbe med, seier Anthun.

– Kva får publikum sjå søndag?

– Under vårkonserten får publikum sjå kva som rører på seg. Det er for tida mykje aktivitet. Vi er opptatt av å skape entusiasme og skape ein god tone med det same. Det skal vere gøy å spele og øve. Med ei slik mønstring så får ein sjå kor god ein kan bli. Her er også fleire korps som har gjort det godt opp gjennom åra.

– Det vert eit variert program, mykje speleglede og eit stort repertoar, fortel han.

Fjordabladet ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kultur