Daude Blomar

Avgangselevane ved Selje skule imponerte med sjølvlaga kabaret

Ein fullsett sal i samfunnshuset i Selje fekk torsdag kveld oppleve 10. klassetrinn sin kabaret «Daude blomar». Eit elevprosjekt frå start til mål. Vi vart imponerte.
Kultur

Kvart år set elevane i 10. klasse ved Selje skule opp ein kabaret i Samfunnshuset. Årets avgangselevar imponerte med ein kabaret der dei sjølve har skrive manus, hatt eigen regi, eigne kostymer og koreografi.