Ungdom og kultur møtest:

Ungdomane fekk vist kva kultur er

Det var eit omfattande program dei frammøtte fekk med seg då årets UKM i Stad kommune gjekk av stabelen i Operahuset laurdag kveld.
Kultur

Totalt var det 18 innslag frå scena med dans, musikk og song. I tillegg var det ei stor og omfattande utstilling, der 15 barn og ungdomar delte eit større tal bilete og komposisjonar med folk. Årets UKM, Ungdom og Kultur Møtest, var det første i ein ny kommune, og det sette sjølvsagt sitt preg på arrangementet.