Komikk og alvor i årets musikal frå Eid vidaregåande skule

Oppvekst for kvinner for 150 år sidan

Berre ein liten månad etter at filmen «Little women» har kinopremiere i Norge, set Eid vidaregåande skule opp denne historia som musikal. Handlinga er lagt til den amerikanske borgarkrigen og tida etterpå.

SAMANSVEISA: Dei fire søst­re­ne er uli­ke, men li­ke­vel sa­man­svei­sa, og står på trap­pe­ne til eit vak­sen­liv som kan bli ann­leis enn det for­eld­ra opp­le­ver. Vil dei gå i tra­di­sjo­nel­le fot­spor, el­ler fin­ne sine eig­ne ve­gar? Mu­si­ka­len blir sett opp av ele­var frå Eid vi­da­re­gå­an­de sku­le, med des­se fire jen­te­ne i ho­vud­rol­le­ne. Frå venst­re: Marie Jakobsen Lil­le­støl, Sunniva Fla­ten Brek­ke (øvst), Hanna Staut­land Tak­lo og In­ge­borg Nord Holmgren. 

Kultur

Musikalen har premiere torsdag 27. februar, og så er det framsyning fredag 28. og laurdag 29.