EP har vore eit langsiktig mål

Same dag som Jackbow gav ut sin første EP, hadde bandet sleppkonsert og vart i tillegg klar for Malakoff 20.

Realisert draumen: Jackbow med Håkon Høydal (t.v.), Jakob Hagen, Peder Naustdal, Andreas Espelund (t.h.) og Olaf Gloppen (ikkje til stades) kom fredag ut med EP-en «Is This Forever?». For å realisere dette prosjektet har dei blitt finansiert av Stian Bjørkedal Skårhaug (midten) og Skårhaug Taktekk.   Foto: Olin Maria Yri

Kultur

I over eitt år har rockebandet Jackbow jobba med EP-en «Is this Forever?». Fredag kunne dei endeleg sleppe den heilt nye EP-en som består av seks låtar.