Med naturen som tema

Fredag er det Kulturnatt i Eid og Selje, og blant arrangementa er ei fotoutstilling på Nordfjordeid.

Utstilling: Fire av dei som stiller ut bilde. Frå venstre: Jon Kjøs, Gunn-Alise Sødermann, Kristin Rødven Eide, leiar i fotoklubben, og Åshild Steinde Helleset.  

Kultur

I år er Nordfjord Fotoklubb ti år, og dette vert markert med ei fotoutstilling i lokala til Fotografen Eide på Nordfjordeid.

Utstillinga opnar i ettermiddag, og har natur som tema. Totalt er det tolv personar som stiller ut over 60 bilde.

Utstillinga er ein del av Kulturnatta 2019, men skal stå framme ut månaden.

Arrangement

Det er totalt 30 arrangement i både Eid og Selje fredag ettermiddag og kveld, og i tillegg resten av helga.


Ein diktsti gjennom Eidsgata

Vil du lese dikt på ein tur gjennom Eidsgata? Høvet vil by seg om ei veke under Kulturnatt i Eid.


Fredag ettermiddag og kveld vert det konsert med kulturskulen i Kulturhuset Gamlebanken, Poetry Night på Bankkjellarpuben og sleppkonsert med Jackbow i Gymmen på Nordfjordeid.

I selje vert det språkkafé og frivilligtreff på Dagsturhytta, open museumslade, treningskveld med saltrening i regi av Selje IL, nattkafe for ungdom, open ungdomsklubb på Blikken og quiz og karaoke på Frimannsbuda.


Kulturnatt i Selje og Eid med 30 arrangement

I morgon blir kulturnatta i Eid markert med elleve ulike arrangement. I Selje blir det tjue ulike hendingar gjennom heile helga.