Fjordhesten 4H

Haustfest i Valhall

Laurdag arrangerte Fjordhesten 4H sin tredje haustfest. Over halvparten av klubben sine medlemmer hadde valt baking som 4H-oppgåve denne hausten.
Kultur

–Det er kanskje litt spesielt at så mange har valt baking. Endå meir spesielt er det kanskje at dei fleste som har valt oppgåva er gutar. Men det er vel slik at baking er ei overkomeleg oppgåve, sa 4H-klubbrådgjevar Karina Kjørstad til Fjordabladet før haustfesten starta.