Vilde og Anna slepp julelåt

Vilde og Anna tok heile Norge med storm då dei vann MGPjr i 2016. I dag slipp dei julelåt.

–Julehjerte handlar om å ta vare på dei ein er glade i, seier Vilde og Anna om låta som dei slepp i dag.   Foto: Sara Angelica Spilling

Kultur

Vilde og Anna tok heile Norge med storm då dei i 2016 vant MGPjr med songen «Vestlandet». Låta er streama over fem millionar gonger og har fått ei helt spesiell betyding for mange, ikkje berre folk frå Vestlandet. Sidan har dei to jentene slept fleire eigenkomponerte låtar som har hausta gode tilbakemeldingar. Jentene er kjent for melodiøse og fengande songar med sjarmerande tekster på norsk. No slepp dei ein låt som betyr ekstra mykje for dei, spesielt med tanke på høgtida vi går i møte.  

–Julehjerte» handlar om å ta vare på dei ein er glade i, om å tørre å vise at ein bryr seg om kvarandre, og ikkje minst dei som vi ikkje har rundt oss lenger. Ofte kan ein vise dette best gjennom dei små tinga og handlingane som vi gjer. «Julehjerte» er meint som ei påminning om dette, seier Vilde og Anna i ei pressemelding.


Høyr / last ned låta her.

Sidan sigeren i MGPjr 2016 har dei reist land og strand rundt og opptredd på festivalar og scener rundt om i heile Norge.

Låten dei no slepp er produsert av Henning Svoren og Sjur Husom Vonen (Sondre Justad) i Ocean sound Recordings og gitt ut på Nordfjord Records.