Norsk Kulturindeks 2019:

Eid opp fire plassar frå 2018

Eid kommune ligg på 21. plass av dei 422 kommunane i Noreg på Norsk Kulturindeks 2019, den mest omfattande målinga i landet av kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar.

– Det vi har lukkast med i Eid, er eit uvanleg tett samspel mellom profesjonelle og frivillige kulturmiljø, og mellom kulturliv og skule, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.   Foto: Anna Wuttudal

Kategorien i Norsk Kulturindeks Eid scorar aller best på, er frivillegheit – følgd av konsertar, kulturarbeidarar, kulturskule og scenekunst.  

Kultur

Eid si plassering er opp fire plassar frå 2018, og 38 plassar opp frå 217. 

Kultur viktig for vekst

–Eid har hatt sterk vekst i folketal og næringsattraktivitet dei siste åra. Eg er sikker på at eit rikt og variert kulturliv er ein viktig årsak til dette, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

– Det vi har lukkast med i Eid, er eit uvanleg tett samspel mellom profesjonelle og frivillige kulturmiljø, og mellom kulturliv og skule. Kultur har blitt «ein del av kvardagen» for svært mange i Eid. Det er interessant å sjå at det løftar oss heilt i landstoppen i kultur sjølv om vi ikkje har museum eller andre store offentleg finansierte kulturinstitusjonar med mange tilsette i kommunen. 

Best på frivillegheit

Kategorien i Norsk Kulturindeks Eid scorar aller best på, er frivillegheit – følgd av konsertar, kulturarbeidarar, kulturskule og scenekunst. Eid scorar dårlegast i kategoriane museum og kunstnarar. 

Gloppen – topp fem

Gloppen kjem ut på målinga som den aller beste kulturkommunen i Sogn og Fjordane, og den 4. beste i landet. Førde er også inne på «Topp 20», slik at Eid er den tredje beste kommunen i Sogn og Fjordane på Norsk Kulturindeks 2019. Av kommunane i det som blir nye Vestland fylke er Eid nr. 5 – etter Gloppen, Bergen, Kvam og Førde.