Operavekene vart opna med kunst og opera

Kulturhuset Gamlebanken opna operavekene med opera, kor, korps og kunst.

Opning: Operavekene og kunstutstillinga vart opna med musikalske augneblink frå Eivind Kandal, Erlend Os, Eid Mannskor og Eid musikklag. I tillegg vart det kunst, blomeutdeling, bursdagssong og tale frå ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Ifølgje Bjørlo vert dette dei siste operavekene i Eid kommune og Sogn og Fjordane. Neste gong vert i Stad kommune og Vestland.   Foto: Olin Maria Yri

Det er veldig stas å ha operautstilling

Leif Alnes
Kultur

Tysdag, dagen før premieren på Hans og Grete, vart operavekene og operautstillinga opna, og på plass i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid var Eivind Kandal, Erlend Os, Eid Mannskor og Eid musikklag. Også årets operautstillar var på plass. Mange publikummarar hadde tatt turen til Gamlebanken for å få med seg musikken og kunsten.