Eli Hjelle Kjøllesdal:

–Det som manglar mest er nynorske barnebøker med store bokstavar

Eid bibliotek var først ute i Nordfjord med Nynorsk barnebokfest. Ein festival for levandegjering av den nynorske barneboka.

Nordavinden: Kyrre Eikås Ottesen, frå Sogn og Fjordane Teater, laga det ekstra spennande for dei frammøtte borna, sikkert vaksne også, då han fortalde om guten som møtte Nordavinden. Eit stykkje som tek utgangspunkt i eit av Asbjørnsen og Moe sine folkeeventyr. Alle foto: Tormod Flatebø 

Kultur

Nynorsk barnebokfest oppstod for første gong i Førde i 2017. Eit samarbeid mellom Førde bibliotek, Rom for ord og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Året etter blei barnebokfesten også arrangert i Sogndal. I år vart Nynorsk barnebokfest for første gong arrangert i Nordfjord, med Eid bibliotek som arrangør, og i samarbeid med Rom for ord og Operahuset Nordfjord. I tillegg til Eid og Førde, blir det også nynorsk barnebokfest i Luster denne hausten.