Operahuset jubilerer med store opplevingar

Nasjonale skattar og lokale gullkorn skal syte for store opplevingar i tiårsjubilanten Operahuset Nordfjord til hausten og vinteren. Alexander Pavelich, Vilde og Anna, Adam Douglas, Line Dybedal, Bjørn Eidsvåg og Odd-Erik Lothe er blant artistane.

Vilde og Anna skal halde sin heilt eigen konsert heime i Operahuset Nordfjord den første dagen i julemånaden.  

OPera Nordfjord si oppsetting av «Hans og Grete» har premiere 2. oktober.  Foto: David Zadig

For aller første gong inviterer Opera Nordfjord til sin eigen julekonsert. Alexander Pavelich blir ein av solistane i «Den store julekonserten» 6. og 7. desember.  

Adam Douglas med band og gospelsongarar framfører klassiske julelåtar, originallåtar og nye versjonar av gamle hits i OPerhuset Nordfjord den 12. desember.   Foto: Andre Løyning

Måløy songlag under leiing av dirigent Sølvi Myklebust frå Vanylven inviterer til konsert 23. november.  Foto: Fjordenes Tidende

Konserten med Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland laurdag 1. november blir garantert ei konsertoppleving for historiebøkene.   Foto: Anne Valeur

Laurdag 25. og søndag 26. januar inntek 120 dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule operahuset.  

Laurdag 26. oktober tek Odd-Erik Lothe og Line Dybedal med seg gjestar og band og inviterer til konserten «Vere to».   Foto: Helle Frogner

Sunnivakoret markerer nytt år og starten på nye Stad kommune med nyttårskonsert laurdag 11. januar.  

Laurdag 15. februar kjem Hellbillies til Operahuset Nordfjord. 

Dansekompaniet Frikar kjem til Operahuset Nordfjord tysdag 5. november med framsyninga «GotoGuta».  Foto: Pål Laukli

Hausten blir opna med «Bukkene bruse lager rumpebrann». Det skjer allereie den 29. august.   Foto: L-P Lorentz

Kultur

Feiringa av tiårsjubileet til regionen si storstove held fram utover hausten og vinteren, med arrangement på rekkje og rad. Billettsalet er også godt i gang til fleire opplevingar i 2020.

– Knallsterkt program

Kultursjef og operahusleiar Geir Holmen er svært nøgd med programmet.

  – Etter ti år med store opplevingar i operahuset, er det utruleg kjekt å presentere nok eit knallsterkt haust- og vinterprogram. Her er det nasjonale skattar og lokale gullkorn om kvarandre. Det følest av og til som om operahuset har fått tilgang på ei nær sagt utømeleg kjelde av kvalitetskultur, seier Holmen.

Først for borna

Hausten blir opna med «Bukkene bruse lager rumpebrann». Riksteatret gjer stor suksess landet rundt med familieframsyninga, som passar for born frå tre år og oppover. Alle, kanskje bortsett frå trollet, har god grunn til å glede seg til torsdag 29. august.

Hans og Grete

Opera Nordfjord inntek operahuset i september, med rigg og prøver til «Hans og Grete» som har premiere 2. oktober. Publikum kan gle seg til storslagen, romantisk musikk, folkelege barnesongar, himmelsk ballettmusikk, ei fæl heks, ei ond stemor, og framfor alt: modige born. Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, men òg ein spennande opera for barn, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Vere to

Odd-Erik Lothe og Line Dybedal starta sitt musikalske samarbeid i 2010 med låta «Vere to», og sidan har stemninga mellom nordfjordingane vore så god at det har kome meir vakker musikk. Dei seier motsetnader utfyller kvarandre, og stemmene til kjølsdalingen og seljeværingen gjer akkurat det. Laurdag 26. oktober tek Odd-Erik og Line med seg gjestar og band på operascena og inviterer til konserten «Vere to».

Einaste i fylket

Nordfjordeid er einaste konsertstad i Sogn og Fjordane når to institusjonar innan norsk musikkliv slår seg saman og legg ut på ein omfattande haustturné ilag. Konserten med Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland laurdag 1. november blir garantert ei konsertoppleving for historiebøkene, og det er få billettar igjen.

Spenstige Frikar

Dansekompaniet Frikar kjem til Operahuset Nordfjord tysdag 5. november med framsyninga «GotoGuta». Publikum får servert ein leik med tradisjonar og konvensjonar, danseglede og briljerande akrobatikk. Danseframsyninga passar for alle, men er særleg eigna for 13-19-åringane.

Musikal og teater

Laurdag 16. november inviter Sogn og Fjordane teater til «Jostedalsrypa», som dei kallar Norges svar på Jungelboka. Familiemusikalen er basert på segna, men tek publikum med inn i ei eventyrleg og magisk verd.

Den største kjærleikshistoria av dei alle, «Romeo og Julie», kan du oppleve tysdag 19. november, i Riksteatret sin heilt nye versjon av originalhistoria.

Kor frå Måløy

Ein god gjeng måløyværingar inntek operahuset laurdag 23. november. Måløy songlag under leiing av dirigent Sølvi Myklebust frå Vanylven inviterer då til konserten «Vinterkveld». Blandakoret har med seg Line Dybedal med band og fleire solistar når dei framfører variert og fengande musikk.

Vilde og Anna

Endeleg skal Vilde og Anna halde sin heilt eigen konsert heime i Operahuset Nordfjord. Saman med eit stjernelag av musikarar, tek dei søndag 1. desember med seg publikum på ei musikalsk reise; frå den fyrste snøen lavar ned, gjennom den magiske førjulstida fram til sjølvaste julekvelden. I «Julehjerte med Vilde og Anna» blir det både eigne songar og kjende og kjære julesongar fortalt i ei ramme som gjev plass til både latter, glede og ettertanke.

Frå Jakob Sande til Walt Disney

For aller første gong inviterer Opera Nordfjord til sin eigen julekonsert. Alexander Pavelich blir ein av solistane i «Den store julekonserten» 6. og 7. desember. Pappa Michael Pavelich skal dirigere det samansette koret, profesjonelle operaorkesteret og solistane. Repertoaret har alt ein kan ønskje seg, frå norske julesongar og engelske carols til amerikanske evergreens – solistnummer, instrumentalinnslag og mektig kormusikk.

Adam Douglas

Siste artist ut før juleavslutningane til ungdomsskulen og vidaregåande, er sjølvaste Adam Douglas. Han inviterer til «An American Holiday» torsdag 12. desember, i regi av Fjordane musikkforum. Med seg har Adam Douglas band og gospelsongarar, som framfører klassiske julelåtar, originallåtar og nye versjonar av gamle hits.

Nyttårskonsert

Mange har sikra seg billett til arrangementa i 2020 som allereie ligg for sal. Sunnivakoret markerer nytt år og starten på nye Stad kommune med nyttårskonsert laurdag 11. januar. Ytre Suløens Jassensemble og Tricia Boutté ønsker velkomne til ein frisk start på eit nytt år og nye tider.

Sunnmørsk Nøtteknekkar

Laurdag 25. og søndag 26. januar inntek 120 dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule operahuset. Saman med symfoniorkester ved Høgskulen i Volda set dei opp Nøtteknekkaren, ein av dei aller mest kjende ballettane i verda. Michael Pavelich skal dirigere orkesteret, og Analu Zidko er koreografiansvarleg.

Hellbillies jubilerer

I 30 år har Hellbillies servert perler til den norske songskatten, og samstundes opparbeidd seg status som eitt av vår tids mest vitale rockeband. I 2020 markerer dei jubileet med ein stor kulturhusturné for eit sitjande og lyttande publikum. Laurdag 15. februar kjem Hellbillies til Operahuset Nordfjord.

Haust- og vinterprogrammet 2019

Torsdag 29. august: Bukkene Bruse lagar rumpebrann

2. – 12. oktober: Hans og Grete, Opera Nordfjord

Laurdag 26. oktober: Vere to, Odd-Erik og Line

Fredag 1. november: Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland

Tysdag 5. november: Frikar, GotoGuta

Laurdag 16. november: Jostedalsrypa – ein popmusikal, SoFteater

Tysdag 19. november: Romeo og Julie, Riksteatret

Laurdag 23. november: Vinterkveld med Måløy songlag

Søndag 1. desember: Julehjerte med Vilde og Anna

6. og 7. desember: Den store julekonserten, Opera Nordfjord

Torsdag 12. desember: An American Holiday with Adam Douglas

Laurdag 11. januar: Nyttårskonsert med Sunnivakoret, Ytre Suløens Jassensemble og Tricia Boutte

25. og 26. januar: Nøtteknekkaren med Ørsta og Volda Ballettskule + Symfoniorkester ved Høgskulen i Volda

Laurdag 15. februar: Hellbillies