Ute med ny musikk

Vilde og Anna er for tida aktuelle med ny låt. I tillegg har dei akkurat starta planlegginga av julekonserten i Operahuset Nordfjord.

Musikk: 21. juni kom Vilde og Anna ut med ny låt som handlar om at alle må vere flinkare å inkludere andre.   Foto: Olin Maria Yri

Kultur

Sommarferien har akkurat starta for Vilde Hjelle og Anna Naustdal. Det feira duoen med å offisielt gje ut den nye låten «Vere med» sist fredag. Låten er spelt inn i Ocean Sound Recordings, og har vore i produksjon sidan i fjor. Trass i at den er akkurat ute på streamingstenestene, har Vilde og Anna framført den live fleire gongar allereie, som mellom andre på 17. mai og på Hotell Alexandra i Loen.