Biletserie

Bildeserie frå På Sverdeggja

Naturen på Dragseidet, med utsikt ut over hav og øyar der Kong Olav Tryggvasson måtte ha kome seglande inn i år 997, er det flottaste ramma rundt eit historisk spel nokon kan tenkje seg.
Kultur

Ramma rundt Dragseidspelet «På Sverdeggja» kunne knapt vore betre enn det den var sist laurdag. Den velkjende havtåka held seg langt borte. Sola varma, iallfall ei stund. Det viktigaste med «På Sverdeggja», er skodespelarane. Både amatørane frå Stadlandet Ungdomslag, som har eigarskapet til spelet, og dei profesjonelle, gjer ein jobb til terningkast seks. Vi skal heller gløyme Jeff Pedersen, som har hatt regi for Dragseidspelet sidan 2011. Jobben han har gjort for å få spelet til å henge så godt saman som det det faktisk gjer, er imponerande.