Reidun Melvær Berge er nominert til Heddaprisen

Sogn og Fjordane Teater er særs stolt av skodespelar Reidun Melvær Berge som er nominert i kategorien for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle i framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke».

Reidun Melvær Berge frå Florø har utdanninga si frå Firda vidaregåande skule og Musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet i Oslo. Ho debuterte profesjonelt i 2015 i framsyninga «Staveneset.Krig».   Foto: Sogn og Fjordane Teater

Kultur

Framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke» hadde urpremière i Førde 18. januar 2019, der Reidun Melvær Berge spelte hovudrolla som Vibeke. «Alt det lyse og alt det mørke» er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd, utan at nokon grip inn, trass i at alle veit. Det spesielle er at den blir fortald frå barnet sitt perspektiv. 


Sogn og Fjordane Teater

Nominert til Heddaprisen

 

Ein fantastisk scenisk prestasjon

Om nominasjonen til Reidun Melvær Berge i kategorien kvinnelege skodespelar/hovudrolle seier teatersjef Bodil Kvamme at dette er ein fantastisk scenisk prestasjon.

– Dette er ein utruleg rolleprestasjon der vi er med Reidun både fysisk og psykisk når ho spelar dei ulike aldrane frå ei lita jente på 7 år, til ungdomsjenta, til ei ung kvinne og til slutt ei eldre kvinne. Og alt dette gjer ho på ein måte som er både nært, sterkt, engasjerande og vekkjer empati.

– Reidun Melvær Berge har hatt ei formidabel utvikling dei siste åra, og det er imponerande det denne unge skodespelaren på 25 år syner på scena, avsluttar Kvamme stolt.

Om Reidun som Vibeke i «Alt det lyse og alt det mørke»

«Alt det lyse og alt det mørke» vart veldig godt mottatt av publikum i Sogn og Fjordane, og Melvær Berge sin prestasjon vart omtala av fleire teatermeldarar:

 «Reidun Melvær Berge er overtydande som den unge jenta… Det er ei krevjande rolle som ho taklar svært godt, og med spelet sitt ber ho heile framsyninga.» - Dag og Tid

 «Det er vondt å vere vitne til, men ein glitrande sceneprestasjon i det som må vere hennar mest omfattande og krevjande rolle ved teatret så langt.» - Norsk Shakespearetidsskrift

«Aller størst inntrykk gjer Reidun Melvær Berge i rolla som Vibeke, frå lita jenta til vaksen kvinne. Ein trur slik på ho at ein til tider gløymer at ein sit i ein teatersal» - Scenekunst.no

«Publikum er som lamma, for her held Reidun Melvær Berge, oss i eit jarngrep frå første stund, og hennar angst og fortviling vert følgd av musikk/lys/lydar som varslar stor katastrofe» - Fjordingen

Alt det lyse og alt det mørke er skriven av Brynjulf Jung Tjønn. Dramatisering og regi er ved Miriam Prestøy Lie. Kostymedesignar og scenograf er Dordi Strøm, og musikar Selma Stang har produsert musikken i stykket. Lysdesignar er Krystian Myska.

Om Reidun Melvær Berge

Reidun Melvær Berge frå Florø har utdanninga si frå Firda vidaregåande skule og Musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet i Oslo. Ho debuterte profesjonelt i 2015 i framsyninga «Staveneset.Krig». På Sogn og Fjordane Teater har ho spelt i framsyningane: Vildanden (2016), Kvinna frå før (2016), Julekrybba (2016), Kinnaspelet (2016-2018), Privattimen (2017), Invasjon (2017), Fysikarane (2018), Maria Magdalena – Jesu virke (2018, 2019), Yogakrigen (2018), Nasjonal prøve (2018) i tillegg til «Alt det lyse og alt det mørke». Til hausten har Reidun hovudrolla i eventyrmusikalen «Jostedalsrypa» som har premiere 8. november. I perioden 2016-2020 er ho engasjert ved Sogn og Fjordane teater.

Om Heddaprisen

Heddaprisen vert delt ut årleg for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Prisen vart første gang delt ut i 1998. Heddajuryen, som nominerer dei ulike kategoriane, er ein fagleg jury som er oppnemnd av Heddakomiteen. Heddaprisen vert delt ut på Det Norske Teater 16. juni kl 16.30.

Vurderingskriterium for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle er:

Vinnaren sine prestasjonar skal skilje seg frå andre gode prestasjonar gjennom handverksmessige og artistiske kvalitetar, samt at den er overraskande. Prisene gjeld prestasjonar i store roller/hovudroller, det vil si de markant største rollene i en framsyning.