Sogn og Fjordane Teater

Nominert til Heddaprisen

To av framsyningane som er produsert ved Sogn og Fjordane Teater er nominert til Heddaprisen, som er den gjevaste prisen ein kan få i teater-Norge.

Teatersjef Bodil Kvamme.   Foto: Espen Nyttingnes

Kultur

Framsyninga «Engelen frå Kobane» er nominert i kategorien for beste framsyning for ungdom. Framsyninga er ein samproduksjon med Hordaland Teater, og hadde premiere i Bergen hausten 2018. «Engelen frå Kobane» vart i hovudsak spelt for ungdom i Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og til hausten skal ungdom på fleire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane få sjå denne framsyninga. «Engelen frå Kobane» fekk terningkast 5 både i BT og BA.


 

Modig kunstnarleg satsing

Teatersjef Bodil Kvamme er veldig stolt av at Sogn og Fjordane Teater, saman med Hordaland Teater, er nominert for denne framsyninga.

– Vi gjorde ei modig kunstnarleg satsing når vi bestemte at vi skulle oppsøke ungdomane der dei er, og at framsyninga skulle spelast på skulane i klasserom, seier Kvamme.

Dei to damene som står bak denne framsyninga vert løfta fram av teatersjefen:

– Regissør Miriam Prestøy Lie har med små verkemiddel klart å lage store effektar, og skodespelar Madalena Sousa Helly-Hansen, som spelar alle desse ulike karakterane i framsyninga, presenterer dette på ein svært nær og engasjerande måte. Resultatet har blitt ei tett og intim framsyning for ungdom, seier teatersjef Kvamme.

«Engelen frå Kobane» skal visast 14.- og 15. juni på Heddadagene i Oslo og har Sogn og Fjordane première 14. oktober. Speleperioden går fram til 9. november.

Ein fantastisk scenisk prestasjon

Sogn og Fjordane Teater er særs stolt av skodespelar Reidun Melvær Berge som er nominert i kategorien for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle for framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke».

Om nominasjonen til Reidun Melvær Berge i kategorien kvinnelege skodespelar/hovudrolle seier teatersjef Bodil Kvamme at dette er ein fantastisk scenisk prestasjon.

– Dette er ein utruleg rolleprestasjon der vi er med Reidun både fysisk og psykisk når ho spelar dei ulike aldrane frå ei lita jente på 7 år, til ungdomsjenta, til ei ung kvinne og til slutt ei eldre kvinne. Og alt dette gjer ho på ein måte som er både nært, sterkt, engasjerande og vekkjer empati, seier Kvamme.

Felles for framsyningane «Alt det lyse og alt det mørke» er den dyktige regissøren frå Dale, Miriam Prestøy Lie, som har regi på begge desse framsyningane.

Om Heddaprisen

Heddaprisen vert delt ut årleg for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Prisen vart første gang delt ut i 1998. Heddajuryen, som nominerer dei ulike kategoriane, er ein fagleg jury som er oppnemnd av Heddakomiteen. Heddaprisen vert delt ut på Det Norske Teater 16. juni kl 16.30.

Vurderingskriterium for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle er:

Vinnaren sine prestasjonar skal skilje seg frå andre gode prestasjonar gjennom handverksmessige og artistiske kvalitetar, samt at den er overraskande. Prisene gjeld prestasjonar i store roller/hovudroller, det vil si de markant største rollene i en framsyning.

Vurderingskriterium for beste framsyning for ungdom er:

Beste framsyning for ungdom skal skilje seg frå andre framsyningar gjennom, aktualitet, kontekst, kvalitet, eigenart/originalitet, kommunikasjon med ungdom og val av stoff/materiale