Overhengande fare for flyktningstraum frå Kinn

Det var ikkje utan grunn at påskerevyen på Bryggja hadde fått namnet «I Grenseland». Eit viktig innslag var frykta for innvandring frå vest.

Revy Bryggja: Det er sjeldan å oppleve at lokal revy er så gjennomarbeida og morosam som revyen I grenseland var. Tekstane var laga av John Tenden, Egil Brobakke og Asbjørn Nore. Det blir sagt at ein god latter forlengjer livet. Dersom det er sant så kan dei som var til stades i «Kulturhuset» på Bryggja sjå fram mot eit langt og godt liv. Alle Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Kultur

–Det vi er mest uroleg for er at dei i Vågsøy som sa «Nei til Kinn» vil prøve å kome seg over grensa til Stad kommune. Difor har vi funne det heilt nødvendig å byggje eit sokalla grensegjerde der den nye kommunegrensa vil gå. Grensegjerdet blir sett på «Taska», mellom Krokabergtunnelen og Brunsviktunnelen. Vi reknar vel kanskje med at nokre vil vere så oppfinnsame at dei tek ferje til Oldeide og prøver å kome seg inn i Stad via sjøvegen. Men også det har vi ei løysing på. Vi set ut 150 torskegarn over fjorden, slik at vi stoppar eventuelle flyktningar frå vest på den måten, sa Asbjørn Nore som var byggeleiar for grensegjerdet mellom dei to nye kommunane Kinn og Stad.