Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal

Han veit at det går…

Han tvilar aldri, og nok ein gong har hans bankande sirkushjarte funnet rytmen - Cirkus Agora skal ut på endå ein turne. Jubileumsturne.

Jan Ketil Smørdal er på vegen att 30 år etter den første sirkusturneen den 14. april 1989.   Foto: Pressefoto

Årets program er sett saman av ei stor mengde inntrykk. Med seg har han artistar frå den ypparste klasse, imponerande luftakrobatikk og halsbrekkande stunt.   Foto: Pressefoto

Kultur

Mange gonger har vi lurt på om det er mogleg å få sirkuskaravanen ut på vegen igjen. Når snøføyka står rundt hushjørnet på Nordfjordeid og vinterkvarteret er pakka inn i snø langt over meteren, og datamaskina i kontorhjørnet som skal brukast til å finne artistar i alle verdas hjørne og dokumentbunker frå etatar og myndigheiter skal be svarast.

Underleg nok kjem aldri tanken om å la det vere. La teltet ligge og gje opp kampen mot plassutleigarar, reglar og byråkratar. For han veit at det går, sjølv om tilværet like før sesongen startar, er svært så krevjande for den bransjen han er i – Sirkus.

Viljen til å gjere det igjen er sterk. Kjempe seg igjennom både byråkrati og alle slags utfordringar, som kan oppstå i en fargerik bransje som sirkus. Sirkus er ei form som ikkje heilt passar inn i samfunnets ordinære rammer. For det er ikkje bere en stor bedrift – vi er i dei høgaste gradene kulturberarar med gjøglarkunsten som verktøy. 

Med språk- og kulturvariablar som eit lite FN i miniatyr, og med dei underlegaste utfordringar nesten ingen andre bedrifter har.

Sirkuset er på farta hele tida. Ein ny stad, ein ny plass med ukjente tekniske problem, som vi kvar einaste dag må gjere om til utfordringar. Finne nye plassar på grunn av for våt mark, få annonser i aviser, finne vatn, få opp sirkusteltet, kople til lys og lydanlegg, låne ein traktor, pleie familiebanda, få på kostyme, halde førestilling, rigge ned teltet…..og lista er endå lenger. Av og til lurer vi på om eit stressa samfunn eigentleg har plass til eit sirkus.

Men folket vil ha sirkus – i alle land, uavhengig av grenser, kultur og politikk.

Glade menneske og glitrande auge, unge og eldre, små og store. Dei blir alle like forventningsfylte når det spelast opp til manesjefest. Publikum fyller opp losje og tribune, som dei har gjort sidan det første sirkusteltet inviterte til eit par annleis timer med sjeleføde i en stressa og hektisk kvardag.

Sirkus er annleis, og det har det alltid vore. Både som bedrift og som underhaldning. Derfor passer vi ikkje alltid inn i inn i det daglege livet. Vi er ikkje A-4 moduler og blir aldri firkanta. For manesjen er rund, og i sagmuggen er alt ekte, i gråt som i latter.

Som kulturarbeidarar er vi reisande fulle med glede som skal bringast ut til folket. Derfor må også samfunnet ha plass til oss, på vegen, i byane, i alle tettstadane og hos alle menneske.

Han tvilar aldri, og nok ein gong har hannar bankande sirkushjarte funnet rytmen - Cirkus Agora skal ut på endå ein turne. Jubileumsturne. 14. april 1989. Tenk at det er heile 30 år sidan bygda fekk sitt eige sirkus.

Årets program er sett saman av ei stor mengde inntrykk. Med seg har han artistar frå den ypparste klasse, imponerande luftakrobatikk og halsbrekkande stunt.

Frå Cuba har han med seg temposjongløren i verdsklasse, Rafael De Carlo. Han har imponert titusenvis av menneske i nokre av Europas største og mest anerkjende sirkus og mottatt heider og ære i festivalar, blant sirkuskritikarar og publikum.

Direkte i frå Romanias statssirkus kjem idolet Marius Gagui, som blir omtalt som «luftas ekte stjerne» der han svingar seg høgt opp under sirkuskuppelen i sine strapatar og ved bruk av pole. Med kraft og presisjon tek han pusten av publikummet med sine risikofylte vendingar.

Prislønte Martyn Chabryn oser av energi der ho leikande lett endrar frå det eine antrekket til det andre. Med eit glimt i auget og ei stødig hand får ho til dei mest utrulege ting. Sjeldan får du sjå nokon multitaske på eit slikt høgt nivå.

Vår eigen husklovn veit kva slags knappar han skal trykke på for å utløyse rungande latter i Agora-teltet. Med nye sprell og mykje humor trimmar klovnen Francesco lattermusklane til både store og små. Klovnestrekar får vi aldri nok av!

Og direktøren sjølv? Han er som alltid klar for å ynske publikum hjarteleg velkommen til Cirkus Agora, og i år som alle andre år har han mange overraskingar på lur.

Cirkus Agora reiser no med sitt jubileumsshow i «Trivselsfylket», og håper publikum tar turen når kompaniet kjem til Nordfjord.