Flott konsert i Gamlebanken

OratorieSolistene imponerte med flott og presis musikk i Kulturhuset Gamlebanken.

Konsert: OratorieSolistene er på turné. og onsdag hadde dei ein intim og flott konsert i Kulturhuset Gamlebanken. Stemninga var fin med levande lys og sola som strøymde inn gjennom vindauga.   Foto: Olin Maria Yri

Kultur

Onsdag var det klart for intimkonsert med OratorieSolistene, som for tida er på Vestlandsturné, i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid. Sola strøymde inn gjennom vindauga då Nora Oleanne Sårheim (sopran), Christine Marøy (mezzosopran), Eilert Taugbøl Hasseldal (baryton), Live Berger Brekke (akkordeon), Lina Braaten (piano) og Eivind Kandal (tenor) framførte sin versjon av Petite Messe Solennelle. Det er elles ikkje mange månadane sidan sistnemnde, Eivind Kandal frå Kandal i Nordfjord, måtte steppe inn under operaen La Bohème i haust. No er det altså  vestlandet som står for tur, og gjengen har seks konsertar på seks dagar.