NM Brass 3. divisjon

Kjølsdalen Musikklag på 12 plass

Denne helga vart NM i Brass arrangert i Grieghallen i Bergen. Som nyopprykka i 3. divisjon, vart Kjølsdalen Musikklag nummer 12 blnat dei 15 korps i divisjonen, og sikrar med det plassen i 3. divisjon.

Kjølsdalen Musikklag vart nummer 12 i 3. divisjon då NM i Brass vart arrangert i Bergen denne helga.   Foto: John Vint/NMF.

  Foto: John Vint/NMF.

  Foto: John Vint/NMF.

  Foto: John Vint/NMF.

Kultur

Ikkje uventa var det Eikanger Bjørsvik Musikklag som for fjerde året på rad vart norgesmeistrar. Eikanger Bjørsvik Musikklag vann NM-tittelen føre Stavanger Brass Band som berre var 0,75 poeng bak vinnaren. Manger Musikklag tok tredjeplassen med 94,5 poeng.

Mest interessant for oss i Eid er Kjølsdalen Musikklag sin innsats i 3. divisjon. I fjorårets Brass NM deltok Kjølsdalen Musikklag i 4. divisjon. Med fjerdeplass vart det opprykk til 3. divisjon i årets NM. 3. divisjon vart vunne av  Krohnengen Old Star, frå Bergen. Kjølsdalen Musikklag vart nummer 12 blant dei 15 korps som deltok.

Som nemnt vart 4. plass i 4. divisjon i 2018 på Kjølsdalen Musikklag. Andre plasseringar har vore. 6. plass i 4. divisjon i 2017. 2. plassjon i 2016. Musikklaget deltok ikkje i 2015. I 2014 vart det 5. plass i 5. divisjon. Før deltaking i 2014, hadde musikarane frå Kjølsdalen ein 13. plass i 3. divisjon frå 2009 å sjå tilbake på.

Av andre korps frå Sogn og Fjordande skal nemnast Jølster Musikklag som vart nummer ti i 2. divisjon. For andre korps frå fylket må vi ned i 4. divisjon, der vart Flora-Bremanger Brass Band nummer fire. Og Florø Hornmusikk nummer sju. Denne divisjonen vart vunne av Valdres Brass Band frå Oppland med 94 poeng. Lyshornet Brass frå Hordaland oppnådde 93,5 poeng og tok dermed ein andreplass. Norheimsund Musikklag frå Hordaland enda på tredjeplass med 91 poeng.

Norges Musikkorps Forbund (NMF) er landets største frivillige kulturorganisasjon og organiserer nærmare 60 000 medlemmer fordelt på 1658 korps. To av tre korps er skulekorps og NMF er representert i heile landet.