Ungdom frå tre kommunar

Flott lokal UKM mønstring i Operahuset

Vanlegvis arrangerer kommunane dei lokale UKM arrangement kvar for seg. I år hadde Selje, Gloppen og Eid felles lokalt UKM-arrangement i Operahuset Nordfjord.

Alle deltakarane frå Eid, Selje og Gloppen i årets lokale UKM mønstring samal på Operahusaet Nordfjord si store scene.   Foto: Tormod Flatebø

Kultur

Dette var ein veldig kjekk måte å arrangere den lokale delen av UKM på. På denne måten blir ein kjent med kva som rører seg av kunst og kultur i ungdomsmiljøa i kommunane rundt oss. I tillegg til mange flotte innslag, både frå scene og i utstillingshallen, må vi trekke fram konferansierane Amalie Fure og Camilla Liseth, begge frå Selje, som gjorde ein flott jobb med å leie programmet i Operahuset Nordfjord laurdag kveld.

Juryen i årets UKM, som vart arrangert felles I Operahuset for kommunane Gloppen, Selje og Eid, sende ti av 17 sceneinnslag, eitt av to filminnslag og fem av 11 bilete frå utstillinga vidare til Sogn og Fjordane sin UKM-festival. UKM-festivalen er i år lagt til Måløy.