Tilbake etter 14 år

St. Olaf Orchestra til Operahuset Nordfjord  

Fjorten år etter at dei besøkte Norge sist for å feire frigjeringsjubileet, kjem St. Olaf Choir og St. Olaf Orchestra frå Minnesota tilbake til Norge i juni 2019.

St. Olaf Orchestra kjem til Operahuset Nordfjord i juni.   Foto: Pressefoto

Kultur

Dei to internasjonalt anerkjente ensembla skal gjennomføre ein stor Norgesturné i Oslo, Larvik, Stavanger, Haugesund, Bergen, Voss, Nordfjordeid, Ålesund, Kristiansund og Trondheim, leia av sine dirigentar Anton Armstrong og Steven Amundson.

St Olaf College har ein unik link til Norge og har besøkt Norge fleire gonger – første gong i 1913, dirigert av nordmannen F. Melius Christiansen som grunnla collegets no så berømte musikkstudium. Både koret og orkesteret blir rekna for å vere eit av USA sine fremste ensemble i sin sjanger.