Teaterfestival tok imot fylkeskulturprisen

Teaterfestivalen i Fjaler har tilført det profesjonelle kulturlivet i Sogn og Fjordane nye dimensjonar. Tysdag fekk festivalen fylkeskulturprisen for 2018.

Fylkeskulturpris: Teaterfestivalen i Fjaler vart tildelt Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin kulturpris under tingsetet på Leikanger tysdag. Frå venstre på biletet: Karen Marie Hjelmeseter (Sp), leiar hovudutval for næring og kultur, Ingrid Hansen, festivalprodusent Teaterfestivalen i Fjaler, Jenny Følling (Sp), fylkesordførar, og Miriam Prestøy Lie, Teaterfestivalen i Fjaler.   Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kultur

Hovudutval for næring og kultur vedtok 20. november at teaterfestivalen skulle få årets pris. Tysdag fekk Miriam Prestøy Lie og Ingrid Hansen prisen overrekt av fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av tingsetet på Fylkeshuset i Leikanger.

– Teaterfestivalen i Fjaler har synt at det er mulig å syne scenekunst på nasjonalt og internasjonalt nivå også i distrikta. Dei er gjennom sitt arbeid til inspirasjon for andre, sa leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, då ho presenterte prisvinnaren.

Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie starta Teaterfestivalen i Fjaler i 2013. Ingrid Hansen har vore med som festivalprodusent sidan starten. Dei fortel sjølv at dei legg vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival som skapar møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå.

– Teaterfestivalen i Fjaler ser etter kvalitet og nyskaping. Dei har gjennom sitt arbeid tilført det profesjonelle kulturlivet i fylket nye dimensjonar. Dei gir oss som innbyggjarar tilgang til nye opplevingar. Teaterfestivalen trekkjer fram viktige samfunnsspørsmål og gjere dei aktuelle på nye måtar, sa Hjelmeseter.