Kven meiner du bør få Luttprisen?

NRK inviterer no alle til å nominere artistar til Luttprisen, årets artist frå Sogn og Fjordane.

Kjartan Lauritzen fekk tildelt Luttprisen, årets artist for 2017.   Foto: Anders Martin Helle / NRK.

Kultur

Ein kan nominere alle utøvande artistar som kjem frå fylket. Blant kriteria for prisen er at dei nominerte har synst tydeleg att i Sogn og Fjordane det siste året. Det skal også telje som pluss om ein har fått nasjonal eller internasjonal merksemd.

For å nominere ein artist sender du ein epost merka Luttprisen til lutt@nrk.no. Legg gjerne med ei grunngjeving. Fristen for å nominere er 10. desember.

Ti finalistar

Deretter plukkar ein jury ut 10 finalistar som folk kan røyste på. Det er til slutt både jury og folket som saman bestemmer kven som får prisen. Tidlegare har artistar som Kjartan Lauritzen, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland og Sigrid Moldestad vunne Luttprisen.

Prisen vert delt ut på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar, og vinnaren får 25.000 kroner i stipend frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim.