Alexander ute av Stjernekamp

Før dagens Stjernekamp lova Alexander Pavelich. Fest blei det, med blod, sveitte å tårer då Alexander gav ein leksjon i hardrock. Men det heldt ikkje til å nå semifinalen neste laurdag.

Med Metallica sin heavy låt Enter Sandman sette Alexander fyr på studio, men det heldt likevel ikkje til å kome seg til semifinalen i Stjernekamp.   Foto: Skjermbilde/NRK

Kultur

Laurdag var det tiande gong artistane var på scena. På programmet sto Hardrock og joik. Alexander var først ute av artistane i begge sjangerane. I sjangeren hardrock hadde Alexander, valt Enter Sandman av Metallica. Alexander leverte sin versjon av Metallica sin låt så hardt at det var blod på gitaren etter opptredenen. Avisa VG var kjapt ute og gav terningkast fem.

I sjangeren joik, som var upløgd mark for tre av artistane, hadde Alexander plukka fram «My Home is My Heart» av Jon Henrik Fjällgren.

Alexander var saman med Ulrikke ein av artistane som hadde fått færrast stemmer frå sjåarane etter kveldens to framføringar. Då dommen frå sjåarane kom, var det Alexander som måtte forlate konkurransen.