Teppet ned for siste gong

3601 kjøpte billettar til La Bohem

Laurdag kveld gjekk teppet ned for siste gong for Opera Nordfjord si oppsetting av La Bohem.

Laurdag kveld gjekk teppet ned for siste gong for Opera Nordfjord si oppsetting av La Bohem.  Foto: Tormod Flatebø

Kultur

Opera Nordfjord har nesten fylt opp operahuset sju gonger. Totalt har 3601 personar kjøpt billett til dei sju førestillingane på La Bohem. Fjordabladet får opplyst at det vil seie at 92 prosent av billettane til dei sju førestillingane vart selde.

Operasjef Kari Standal Pavelich takka ein fullsett operasal for denne gong, samstundes som ho delte ut blomar til frivillige som hadde vore med dei 20 åra operaeventyret har vart.