Furorestipendet tildelt Andreas Rotevatn

Fredag 12. oktober vart trombonist, komponist og musikkprodusent Andreas Rotevatn tildelt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt Furorestipend for 2018. Stipendet er i år på 50.000 kroner.

Andreas Rotevatn (i midten), trombonist, komponist og musikkprodusent, vart i dag, fredag 12. oktober, tildelt sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt Furorestipend for 2018. Tildelinga vart gjort av Kristin Heggen og Helge Høvik frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor på Nordfjordeid.   Foto: Tormod Flatebø

Kultur

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, er Sparebanken Sogn og Fjordane sin eigar, og stiftinga deler ut pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Furorestipendet er med det Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse».

I juryen si grunngjeving står: «Snart 29 år gamle Andreas Rotevatn frå Eid er trombonist, komponist og musikkprodusent med ein musikalsk CV som er imponerande variert og syner ei dristig musikalsk tilnærming. Han har til dømes vore leiande trombonist i European Broadcasting Union sitt internasjonale storband, gitt ut elektronika-soloalbum, spelt med så forskjellige grupperingar som Ytre Suløen, Razika, b0ka, Cezinando og sitt nye prosjekt - Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo (OJKOS). Andreas har spelt på så forskjellige arenaer som Øyafestivalen, Roskildefestivalen, Victoria Nasjonal Jazzscene og Moldejazz.

Vidare skriv juryen: «Av framtidsplanar slår Andreas kort og greitt fast at han ønskjer verte eit respektert og anerkjent namn innan norsk jazz. Dette kan høyrast ut som ei ganske lågmælt målsetting, heilt til vi innser at dette tyder at han må bryne seg mot internasjonale legender som Jan Garbarek, Nils Petter Molvær, Bugge Wesseltoft, Radka Toneff, Bendik Hofset, Jaga Jazzist, The Thing osb. osb. – med andre ord, etablere seg i den internasjonale jazz-eliten. Juryen håpar verkeleg at han fortsett å strekke seg etter dette målet, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!»

Juryen for furorestipendet har bestått av: Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen), Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Meir om denne saka, og Andreas sin reaksjon finn du i Fjordabladet si papirutgåve tysdag.