Stjernekamp

Alexander rørte folk til tårer

Med visa til Odd Nordstoga rørte Alexander Pavelich det norske folk til tårer, og er ein av fire som er med vidare i Stjernekamp.

Alexander Pavelich gjekk vidare i stjernekamp, etter å ha vore gjennom EDM og vise.   Foto: Tormod Flatebø/NrK Screenshot

Kultur

Laurdag var det klart for to musikalske ytterpunkt på den sjuande laurdagen i Stjernekamp. Sjangrane var elektronisk dansemusikk (EDM) og vise. Etter at Heine Totland rauk ut av Stjernekamp sist laurdag, sto det fem artistar att. Med andre ord så var talet på artistar i konkurransen halvert sidan starten.

Elektronisk dansemusikk (EDM) femner det meste av moderne, dansbar popmusikk. Sjangeren står på programmet i Stjernekamp for 4. år på rad. DJ og produsent Martin Danielle alias CLMD, eller Martin Alexander Bjercke, som han eigentleg heiter – var mentor og ekspertdommar i 2015 og 2016. I fjor var det Alexander Pavelich som kledde rolla som mentor, men i år stod Alexander på scenen, og Martin var tilbake i dommarstolen.