Kulturminister Trine Skei Grande:

400.000 kroner til «Fargespel»

Kulturminister Trine Skei Grande (V) var i laurdag, som den første kulturminister nokon sinne, gjest på Opera Nordfjord si oppsetting av La Bohem.

Nok ei overrasking: Onsdag vart operaekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich overrekt Kongens Fortjenestemedalje. Laurdag besøkte kulturminister Trine Skei Grande Opera Nordfjord. Med seg hadde ho 400.000 friske kroner til Opera Nordfjord sitt prosjekt «Fargespel».   Foto: Tormod Flatebø

Kultur

Sjølv om det var La Bohem som stod på timeplanen for kulturministeren, så kom ikkje kulturminster Skei Grande tomhendt til Operahuset og Opera Nordfjord.

–Eg har med meg den gode nyheita at regjeringa har løyvd 400.000 kroner til Opera Nordfjord sitt prosjekt «Fargespel», sa Trine Skei Grande då Fjordabladet som einaste avis møtte henne rett før teppet gjekk opp for La Bohem i operasalen.