Opera til folket i 20 år

Dei drøymde stort. Operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich kan no sjå tilbake på 20 år med opera på Nordfjordeid.

OPERAKONTORET: Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich drøymde store drøymar. I dag er dei stolte over det dei har fått til, men presiserer at det er med god hjelp frå mange. Her er dei på Kari sitt operakontor i tredje etasje i Kulturhuset Gamlebanken. På veggane heng plakatane frå alle oppsettingane Opera Nordfjord har hatt gjennom tjue år.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Kultur

– Det kjennees som i går, seier Michael, og tenkjer tilbake på då han og sunnmørsjenta Kari budde i Michingen. Han skulle vere storsinna. Dei skulle trass alt bu i USA resten av deira liv, og kunne ofre ei lita pause i Norge.

Edel amerikanar

– Vi hadde det bra, og som dei fleste amerikanarar visste eg ingenting om Norge. For meg var det eit eventyr. Eg var nyfiken og ville vite meir om Norge, og sa edelt til Kari at vi skulle flytte med ein gong ho kunne skaffe to jobbar innan musikk. Eg trudde aldri det skulle skje, seier han og ristar på hovudet. Og konstaterer at skulle det no likevel skje, var det toppen ein-to år som var aktuelt å vere i Norge.