Legg grunnlaget for scenemagien

Scenearbeidarane kjenner kvar millimeter på operascena. Dei legg grunnlaget for operamagien før sceneteppet går opp.

–Når scenografar frå større operascener blir imponert og rosar arbeidet vi gjer, er det vitamininnsprøyting til vidare arbeid, seier scenearbeidar gjennom atten år, Oddleiv Hauge (nr. to frå høgre). Frå venstre: Vebjørn Moa, Anders Nordbø og leiar for scenearbeidarane, Truls Songstad. I morgon skal arbeidet dei har lagt ned gjennom fleire veker visast fram til publikum for første gong.   Foto: Inger Træen

Kultur

Oddleiv Hauge (67) har vore med som scenearbeidar ved Opera Nordfjord i atten år. Nesten like lenge som operaen har eksistert.